• Lensmann i Strand og Forsand Odd-Bjørn Næss er ganske nøgd med tilstanden i politiriket i ytre Ryfylke, sjølv om han ikkje likar auken i valdssaker. Oppklaringsprosenten er han særs nøgd med, den er nesten 57 prosent. FOTO: Tor Inge Jøssang

Oppklaringsprosenten spriker i Ryfylke

Medan politiet i ytre Ryfylke oppklarte 56. 8 prosent av sakene i 2011, greidde politiet i indre Ryfylke berre å oppklara 33, 9 prosent. Utviklinga når det gjeld brotsverk er motsett. I fjor hadde Forsand, Strand og Hjelmeland 501 straffesaker – ein auke på 13,1 prosent i høve til 2010. I indre Ryfylke gjekk talet på straffesaker ned med 24.