Oste-produksjon er lett å flytta

SAND: Nøkkelostproduksjonen som Tine Vestlandsmeieriet driv på Sand, er relativt enkel å flytta til eit anna anlegg i tinesystemet. Dét veit den topptunge styringsgruppa som nå vurderer meieristrukturen i områda til Tine Vestlandsmeieriet og Tine Meieriet Vest dét vil seia i Suldal, Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal.