• Lensmann i Sauda Randi Kalvik vil halda fleire små bygder i Suldal under oppsikt framover. Politiet har fått tips om at det har utvikla seg ein fyllekjøringskultur i utkantane. Biletet er frå eit biluhell i Strand for nokre år sidan kor politiet mistenkte fyllekjøring. FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Politiet vil fyllekjøring i bygdene til livs

Laurdag morgon gjennomførte politiet ein promillekontroll ved butikken på Jelsa. Årsaka er at politiet har fått fleire tips om at somme personar i små bygder i Suldal kjører heim frå fest sterkt rusa.