Prinsessa kjem snart igjen

Onsdag 21. februar, på gebursdagen til sjølvaste kongen, kjem prinsesse Martha Louise, tilbake til Karmøy. Denne gongen håpar barna ved Kolnes skole inderleg at skodda skal letta slik at flyet med prinsessa kjem seg ut or tåkeheimen og ned på landjorda.