Prior kjøper tomt

Styret i den bondeeigde egg— og fjørfekjøtbedrifta Prior Sør BA vedtok sist veke å kjøpa tomt til eit nytt eggpakkeri og fjørfeslakteri på Foss-Eikeland i Sandnes. Tomta kostar i overkant av ti millionar kroner. Den skal gi plass til eit anlegg som etter planen skal kosta rundt 102 millionar kroner og som skal erstatta dagens anlegg på Brueland.