Rektor utan lærarutdanning?

Kommunalsjef Trond Roy Pedersen i Klepp meiner det vil vera uaktuelt for Klepp å tilsetja skuleleiarar utan pedagogisk kompetanse. Han meiner at Klepp legg for stor vekt på pedagogisk arbeid og kvalitetsutvikling til at det ville koma på tale. Han meiner likevel skuleeigaren bør kunna vurdera dette i kvart tilfelle, og ser at store vidaregåande skular kan ha andre behov.