Russeavis på plass i god tid

Avgangselevane frå Bryne vidaregåande skule har fått russeavisa si på gata i god tid før 17. mai. Avisa har fått namnet Russamål 2000, og inneheld ei blanding av seriøst, tankevekkande stoff til dømes om ei 23 år gammal fartssyndar som blei skadd for livet og dømt til fengsel for aktlaust drap og klassisk russehumor som til dømes meir eller mindre heimesnekra drikkeviser.