Ryfylkepakken møter skepsis

JØRPELAND: Hjelmelandspolitikar Nils Jarl Nessa (ap) er skeptisk til ryfylkepakken som Senterpartiet i Rogaland har lansert. Grunnen er at det mellom anna kan bli lagt opp til at dei som reisar gjennom Ryfast-tunnelen mellom Strand og Stavanger samstundes skal betala bompengar for tunnel frå Forsand til Gjesdal, vegutbetring til Hjelmeland og andre vegprosjekt i Ryfylke.