Sand ikkje sikra volleyball-linje

NY SKULELINJE: Aftenbladet skreiv onsdag at Norges Volleyballforbund vil oppretta ei nasjonal linje for volleyball på ein vidaregåande skule, og at Sauda vidaregåande avdeling Sand var aktuell. Rogaland fylkeskommune vil støtta opp om eit slikt tilbod. På fylkesutvalsmøtet tysdag blei det opplyst at både Sauda avdeling Sand, St.Svithun og Bryne vidaregåande skular har søkt om tilbodet, men at det bare er Sand som tilfredsstiller kriteria.