Sjøhusa blir sjøhus igjen

Slik kan ei stormflo arta seg i Stavanger og Sandnes i år 2100 i kombinasjon med forventa havnivåauke. Me har laga illustrasjonane ved å bruka flyfoto saman med kartdata frå kommunane, som viser høgdeforskjellane. Me har manipulert bilda ved å leggja havet inn til 2-meterskoten på kartet. Den kvite streken viser kvar kaikanten går i dag. Den lyseblå streken viser om lag kor langt opp i terrenget ein 2 meter høgare vasstand vil gå. Der høgdekoten forsvinn inn i hus på kartet, er streken lagt rundt desse.