Skjelrevolusjonen er starta på Kårstø

– Bruk av oppvarma spillvatn på Kårstø til klekking og oppdrett av yngel vil kunne revolusjonera skjeldyrkarnæringa her i landet. Veksetida kan på denne måten kortast ned frå fem til tre år, seier prosjektleiar Helge Bergslien i Norconserv.