Skular droppar valdebatten

Stavanger katedralskole, Time vidaregåande skule og Hetland vidaregåande skule er blant skulane som dette året ikkje vil arrangera skulevaldebatt. Leiinga ved skulane har heller invitert dei politiske partia til å møta elevane i kvar sine rom der dei kan fortelja om partiet og politikken sin utan at dei andre partia er til stades. Grunnen er at skuleleiinga mislikar måten skulevaldebattane har utvikla seg på.