• For handelsmann Anbjørn Vaage i Erfjord i Suldal er det ikkje om å gjera å ha søndagsopen butikk. Her er han fotografert saman med butikkmedarbeidar Anne Margrethe Sandvik ved eit tidlegare høve. FOTO: Heidi Hjorteland

Søndagsope gir butikkfolk kvalar

I Ryfylke slit mange forretningsdrivande med store søndagskvalar. Dei blir sette i ein skvis mellom kundar og kvile. Eigar av leiketøysbutikken Presanghuset i Sauda, Morten Brekke, kjende seg pressa til å halda ope 4. søndag i advent, sjølv om han er prinsipielt i mot søndagsopne butikkar, og gjerne skulle slappa av den dagen.