Sperra Apalstøveien

Som varsla i onsdagutgava av Aftenbladet Sandnes, gjennomførte Bjørn Halvor Kvilhaug same dag ein aksjon i Apalstøveien på Høle. Han stengte vegen i ein halv time for å protestera mot det han meiner er liten vilje frå kommunen til å gjera noko med vegen som er både smal og uoversiktleg.