Storbysatsing gir Meling mykje pengar

Ingen over, ingen ved sida. I år tronar Meling Bygg himmelhøgt over dei andre skattebetalande aksjeselskapa i Suldal. Trevarebransjen kan i år skilta både med største og minste skattesum. Meling Bygg betalte over tre millionar kroner i skatt i fjor. Ryfylke Tre betalte til samanlikning 18 kroner i skatt.