Storm rundt Robinson-heltar

Konstant svolten og ein periode mentalt utilrekneleg kjempar psykologistudent Marthe Halvorsen (25) frå Sand den kyniske kampen om sigeren i årets utgåve av «Robinsonekspedisjonen». Nesten eit halvt år etter innspelinga er TV3 i full gang med å senda den populære underhaldningsserien. Så langt har 25-åringen frå Sand framstått som konspiratorisk, kjølig, rasjonell og beherska men også som dugande i konkurransar og sjarmerande. Utan på noen måte å dominera.