• Det begynte for 30 år sidan med at Målfrid Snørteland og medarbeidarane hennar viste fram ein traktor på messer og arrangement. For 20 år sidan opna dette bygget. I fjor hadde Jærmuseet sine avdelingar 195.000 besøkjande i året. FOTO: Jonas Haarr Friestad

Størst langs kyststripa mellom Oslo og Trondheim

— Dette er eit museum av ypperste merke, sa Åse Kleveland då ho som kulturminister opna Jærmuseet sitt første bygg for 20 år sidan. I dag er Jærmuseet det mest besøkte museet mellom Oslo og Trondheim.