Tilbake på jobb utan frykt

Dei tilsette ved Sauda sosialkontor arbeidde utan særleg frykt i går. Politiet er nemleg temmeleg sikre på at mannen som kom med drapstruslar mot leiaren av kontoret, ikkje vil gjera alvor av dei.