• Naturen i Suldal har vore råmateriale for mange twitterdikt frå Esther Moe, her fotografert ved Sandsfjorden. FOTO: Pål Christensen

Twitter-tornadoen frå Ryfylke

Dersom Esther Moe har bakt ei flott kake, held ho nebbet tett lukka. Renn eit lite dikt inn i hovudet hennar, sildrar det fort ned i tastaturet og leskar poesitørste menneske i landsbyen Twitter.