Vassøyferja får ikkje ta med passasjerar

Folk på Vassøy reagerer sterkt på at Rødne har sett inn ei reserveferje som kan frakta bilar, men ikkje har lov til å ta med passasjerar. Bilførarar og andre blir frakta i hurtigbåt over til kaien på Ormøy.