Vatn i bassenget igjen frå hausten

Kultursjef Jon Asgaut Flesjå vil gi 1,2 millionar kroner av etaten sine sparepengar til ulike gode formål i Finnøy. Over ein halv million vil han gi for å få rehabilitert det stengte symjebassenget på Finnøy sentralskule.