Venner igjen

Tida for uvennskap er forbi. Time vidaregående skole og Jærtek har inngått avtale om samarbeid. No skal det vera slutt på to verkstader i same bygning som begge står med ledig kapasitet. No skal begge partar konsentrera seg om det dei kan best. Skulen skal driva skule for ungdom. Jærtek skal organisera kursverksemda.