• Her er ein del av tjuvgodset politiet fann gøymt på Hjelmeland i dag. FOTO: Politiet

Vill helg i Ryfylke - tjuvar har stole bilar, biffar og bussnøklar

Politibetjent Freddy Brosvik si helgevakt begynte roleg, men enda opp med tre biltjuveri, samt eit garasjeinnbrot og tre bedriftsinnbrot i Strand og Hjelmeland. I dag tidleg blei masse tjuvgods — mellom anna kjøt og kokkeknivar- funne ved ein brannstasjon på Pundsnes i Hjelmeland.