Jaktar på kongsgard med georadar
Kongsgarden til Harald Hårfagre, Olav Trygvasson og Olav den Heilage på Avaldsnes skal fram i dagen. Nå er det tatt i bruk ny søketeknikk som sjeldan er blitt nytta i historisk underjordisk jakt i Norge.
KARMØY: Djupt under jord og stein på Avaldsnes, finst restane av kongsgarden
frå vikingtida.
- Ettersom jorda rundt Olavskyrkja på
Avaldsnes er proppa med historisk verdfullt materiale vil me ikkje grava
utan at me veit at noko er å finna, seier Marit Synnøve Vea, leiar av
Avaldsnes-prosjektet.
Forretningsmannen og historieentusiasten
Sigurd Aase frå Haugesund har stilt midlar til rådvelde for desse
undersøkingane.
I går dreiv geolog Kjell Persson frå
Universitetet i Stockholm ei stille jakt på djupt gøymde fornminne.
Han nyttar georadar, ein teknologi som tidlegare mellom anna har oppdaga
fleire tusen år gamle gravkammer 15 meter under ørkensand i Egypt.
- Men i kompakte massar her på Avaldsnes når eg truleg ikkje djupare enn til
ca tre meter, seier Persson.
Spor etter byggverk
- Men
det er i dei øvste 75 centimetrane at dei aller fleste interessante funn kan
gjerast, seier Olle Hemdorff, arkeolog ved Arkeologisk Museum i Stavanger.
Til å korrigera og supplera data frå bruken av georadar, tar geologen også i
bruk eit apparat som kallast slingram.
Felles for båe desse
teknikkane er at ein ville kunne få tilbake signal som viser om jord og
stein er blitt endra av andre krefter og årsaker enn dei fysiske og
geologiske. Menneskeskapte endringar og spor av gamle byggverk kan dermed
bli avdekka.
Seinare i vår skal dei same områda ved Avaldsnes
kyrkja også saumfarast med magnetometer.
Når alle data er
innsamla, tolka og lagt over einannen vil ein ha relativt sikre haldepunkt
for å peika ut der funn kan gjerast.
- Stolpehus, ein
byggeteknikk, som blei nytta i Norge i meir enn to tusen år og fram til og
med vikingtid, brukar å setja tydelege og varige spor i jorda. Men dersom
kongsgarden er blitt bygt i lafteteknikk er sjansane svært små for å finna
restar, seier Marit Synnøve Vea.
Under parkeringsplassen ved
kyrkja er det tidlegare avdekka delar av ein underjordisk gang, truleg bygt
som rømmingsveg frå ein viktig bygning og ut mot sjøen.
Resultat på utstilling
- Nå håpar me å kunne peika ut kva
retning desse rømmingsvegane er bygde. Det kan igjen indikera kvar viktige
bygg for mektige personar har lege, seier Vea.
Sjølv om viktige
funn er gjort på Avaldsnes gjennom fleire hundre år, ligg det meste ennå
truleg løynt i jorda og under sjøbotn.
- Me er heldige
her på Avaldsnes, som nå har eit flott historisk opplevings- og
presentasjonssenter der nye funn kan visast for publikum straks dei er
gravne fram, seier entusiastiske Marit Synnøve Vea.
Skriv din kommentar
Aftenbladet.no
Skien-klubben Odd krever flere millioner for Jarstein-overgangen til Viking.
Fotball:
Odd og Rosenborg
Næringsminister Trond Giske (Ap) har opphevet forbudet mot å ha 600 passasjerer ombord på ferjene som trafikkerer Mortavika-Arsavågen. Dermed blir det normalt lange ferjekøer i påsketrafiikken, og ikke ekstra, ekstra, ekstra lange.
Lokalt:
Les mer
3
Har du et barn som skal begynne i første klasse eller på ungdomsskolen i Stavanger til høsten? Da vil kommunen ha deg på foreldreskole.
Lokalt:
Les mer
1
Norske sjokoladefabrikker produserer ikke fairtrade-sjokolade. - For stor etterspørsel etter kakaobønner, sier Freia-eier.
Utenriks:
Les mer
4
Ifølge en trafikkmelding fra Statens vegvesen vil det bli foretatt en ny vurdering mandag 22. mars.
Ryfylke:
Les mer
12
Avaldsnes
Tusenårsstad: For Rogaland og ligg i Karmøy kommune.
Fyrstesete og kongsgard: Funn tyder på at Avaldsnes har vore fyrste- sete i
3000 år. Her låg truleg Norges eldste kongesete.
Olavskyrkja: Bygt ca. 1250 då Håkon Håkonsson medan Noregs elde var på sitt
største.
Nordvegen historiesenter: Blei opna av dronning
Sonja i fjor. Opplevingssenter for historieinteresserte. Her blir og det
nyaste innan arkeologiske funn og forsking presentert.
Vikinggard:
Ei samling hus frå vikingtida er bygt opp på Bukkøy, som er blitt ein
populær leirskule.
Stavangerminner
-
Ild løs! Stavanger brenner!
-
Hjallis gikk aldri på Mosvatnet
-
Det store italienerslagsmålet
-
Per Inge oppdaget Kina før Marco Polo
Les flere Stavangerminner her
De fem siste artiklene fra Rogalyd:
Siste Lokalt
-
Stavanger satser på foreldreskole
Har du et barn som skal begynne i første klasse eller på ungdomsskolen i Stavanger til høsten? Da vil kommunen ha deg på foreldreskole.
-
Giske tillater fulle ferjer
Næringsminister Trond Giske (Ap) har opphevet forbudet mot å ha 600 passasjerer ombord på ferjene som trafikkerer Mortavika-Arsavågen. Dermed blir det normalt lange ferjekøer i påsketrafiikken, og ikke ekstra, ekstra, ekstra lange.
-
Dømt for spark av politibetjent
18-åringen slo en dørvakt ved Beverly Hills Fun Pub, og da han skulle anholdes av politiet kort tid etter sparket han betjenten i mage og bryst.
-
Mildvær kan gi oversvømmelser
Mildværet kan føre til oversvømmelser i distriktet. Faren skal være størst i Ryfylke og Nord-Rogaland.
-
Forundret over negativ ordfører
Fylkespolitiker Odd Arild Kvaløy er overrasket over at ordfører Helge Steinsvåg i Strand er negativ til forslaget om å rassikre Tysdalsvatnet med et lokalt spleiselag.
Siste saker fra Aftenbladet.no
- 23:26 Brukte samme bil for å rekonstruere bildrapet
- 23:21 Krangler om Jarstein-millioner
- 21:19 Vi blir tidlig gamle
- 21:11 Koalisjon slår sprekker i Latvia
- 21:05 Forsvaret med kanonbom på 2 kilometer
- 21:05 Stanser innkjøp av fiskeolje fra Vest-Sahara
- 21:04 Fiskeriministeren erklærer seg inhabil
- 20:26 Stavanger satser på foreldreskole
- 19:36 Politikerne vil overvåke Stavangerekspressen
- 18:00 Livåbåt får designpris
- 17:47 Passasjertallet økes på gassferjene igjen
- 17:38 Prisdryss over jærske bedrifter for god design
- 17:01 I kveld blir det sjau
- 16:52 Syv fairtrade-sjokolader i Norge
- 16:03 Ingen lager fairtrade-sjokolade i Norge
- 15:59 Barn slaver for norsk sjokolade
- 15:19 Beruset mann sparket politibetjent
- 15:08 Ny kaptein i Bryne
- 14:58 Balltre-ranet i sitt eget hjem
- 14:45 3D-film avslører ukjente synsfeil
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira















Konserten: Ottestad




