Annonse
Annonse

– Jippi, me skal få ridehall!

Hestelinja ved Øksnevad vidaregåande er staden for hesteinteressert ungdom. Ein viktig ting manglar: Ridehall. Derfor er det stor glede på skulen over at fylkesdirektøren nå vil punga ut med pengane som trengst for å få bygd hallen i år.
Herleg å vera ute med hestane på fine dagar, men når det bles og regnar på det verste, er det ikkje alltid like kjekt å køyra og ri utandørs, synest elevane Eilin Haave (til venstre) og Terese Mattson, begge frå Sandnes. Hesten heiter Tanita og er fødd på Øksnevad vidaregåande skule. Ridehallen skal byggjast til venstre, der den svarte molda er. På sikt er planen å byggja ein utandørs ridebane like ved. (Foto: Jan Tore Glenjen)
Publisert 02.04.2008 13:32 - Oppdatert 02.04.2008 13:32

Øksnevad er ikkje lenger ein jordbruksskule, men ein vidaregåande skule med dei tre linjene hest- og hovslagar, anleggsgartnar og landbruk. Hestelinja er den mest populære.

Elevane ved linja tykkjer dei er heldige som får halda på med det dei tykkjer er aller kjekkast midt i skuletida: Nemleg ri, køyra med hest og stella hest. Men dei saknar ein ting: Ridehall, slik at dei kan trena skjerma for ver og vind og motorisert trafikk.

Prioritet 1

Skissa rektor Rune Haaland legg på bordet viser eit 30 x 65 meters bygg for både køyring med vogn og sprangriding (hoppa over hinder), travbane, toalett, varmestove, stall og plass til for og utstyr.

– I dag er ein slik hall ein føresetnad for å gje eit fullgodt undervisningstilbod. Dei fleste andre skular med slike linjer har dette, fortel rektor.

Går politikarane i opplæringsutvalet den 8. april inn for tilrådinga til fylkesdirektør Magne Nesvik, tek rektor sikte på at ridehallen kan stå klar før året er omme.

Så viktig meiner skulen det vil vera å få bygd ridehall, at dei har prioritert dette framføre å rusta opp den gamle skulebygningen kor dei driv teoriundervisning til trass for at her er påvist muggsopp i veggene i den etasjen kor lærarane har arbeidsplassane sine. Skulen arbeider nå med å få fram ein plan for opprusting av denne bygningen, fortel rektor.

Kjekt og annleis

– Eg håpar me får hallen før eg skal slutta! Ridehall er det Terese Mattson frå Sandnes har sakna mest på skulen: Ho både rir og køyrer med vogn. - Eg begynte her fordi eg er veldig interessert i hest og ville læra meir. Dessutan ville eg ha to kjekke år i staden for bare vanleg allmenn, fortel ho.

På hestelinja lærer du det du treng for å arbeida med hest: Stell, fôring, mekking, riding, kjøring og hestesjukdomar. Skulen har både norske kaldblodsrasar som dølahest, fjording og travar og varmblods ridehestar. I alt har dei plass til 16 hestar.

Etter dei to åra kan du også gå ut i lære for eksempel på ein rideskule eller hos ein travtrenar og få fagbrev med yrkestittel hestefaglærd. Eller du kan gå i lære og bli hovslagar (sko hestar).

Vil bli politi

Eilin Haave for eksempel skal i lære i Stall Friheten på Osli ved Bråstein. Therese Mattson sin plan er å ta eit tredje år med påbygg allmenn slik at ho får studiekompetanse. Så vil ho søkja politihøgskulen.

– Her er eit aktivt hestemiljø på Jæren, - tenk bare på travmiljøet på Forus og dei mange rideklubbane, så det har ikkje vore vanskeleg i det heile teke å få læreplassar, seier rektor Haaland.

Snart kan du også få høgskuleutdanning innan hestefaget her: Høgskulen for landbruk og bygdenæring skal nytta anlegga på Øksnevad i undervisningsopplegget sitt.

Alle dei 24 elevane ved hestelinja er jenter: – Du må gjerne skriva at gutar er sterkt ønska! utbryt rektor Haaland. – Ikkje bare av omsyn til jentene, ler han, men av omsyn til at hestane skal vera godt skodde: Her er stor mangel på hovslagarar, og få av jentene som går her vel det yrket.

Del:

Mer

Annonse

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.
Vidar til finalen i Dana Cup

G16-laget spiller finale lørdag ettermiddag
Sport: 7 av 9 Vidar-lag til A-sluttspill

Speidere møtte kronprinsparet

Sara Wathne (17) og Sindre Sirevåg (18) valgte sommerferie på sjøen. Søndag er de Rogalands lokale håp i den internasjonale regattaen Tall Ships Race.
Lokalt: I Kristiansand

Annonse

DEI 14 ANDRE SKULANE

FORDELING: Opplæringsutvalet i fylkeskommunen skal den 8. april fordela 49.900 millionar kroner til opprusting av dei vidaregåande skulane. Her får du ei oversikt over kva andre skular som får pengar og kva dei skal brukast til.

BRYNE:
200.000 kroner i restutgifter til utbetring av ventilasjonssystemet som blei sluttført i sommar.

FORUS:
300.000 kroner til nytt golvbelegg. Belegg med ledelinjer med tanke på blinde og svaksynte skal testast ut.

GAND:
800.000 kroner til betre arbeidsplassar for lærarane både i Hoveveien og i Holbergsgate.

GODALEN:

900.000 kroner for å laga betre verkstader for utdanningsprogrammet i teknikk og industriell produksjon.

RANDABERG:
3,2 millionar for å dekka ekstrautgiftene ved diverse ombyggingstiltak som alt er gjort.

SANDNES:

2,6 millionar kroner til ombyggingstiltak for å skaffa lærarane og administrasjonen betre arbeidstilhøve og 400.000 til miljøstasjon.

SAUDA:

4 millionar kroner for å dekkja inn ekstrakostnader ved tilbygget, 3,3 mill.kr. til etablering av miljøstasjon og 400.000 kroner til elevresepsjon.

SKEISVANGEN:
1,3 millionar til etablering av kantinekjøkken og 720.000 kroner til å dekka ekstrautgifter ved opprusting av det gamle bygget til dramaopplæringa.

ST. OLAV:
2,5 mill. kr. i restkostnader for nytt ventilasjonsanlegg pluss 2,0 mill. kroner opprusting av kroppsøvingssalen og ominnredning av fleire rom.

ST. SVITHUN:
1,1 mill. kr. til utandørs nærmiljøanlegg i friidrett, ballspel, turn, klatring m.v. 1 mill. kr. til opprusting av filmrommet. 800.000 kr. til nye brakker for opplæringstilbodet i musikk.

STAVANGER OFFSHORE:
8 millionar kroner til inneklimatiltak og 400.000 kroner til universell utforming.

TIME:

300.000 kroner slik at lærarane kan få betre arbeidsplassar.

VARDAFJELL:

4,7 mill. kr. til å sluttføra arbeidet med tilbygg og 500.000 kroner til miljøstasjon.

ÅKREHAMN:

50.000 kroner til å greia nærmare ut kva som må gjerast med ein skule som slit med sopp, ròte og asbesthaldige materialar. Skulen er truleg i så dårleg stand at det ikkje vil svara seg med renovering. Eigen sak om dette vil bli lagt fram seinare.

Annonse

Sommerkonkurranse

Siste Lokalt

Annonse

Målvideo

Stavangerminner

De siste artiklene fra Rogalyd:

Kundesenter

Siste saker fra Aftenbladet.no

Skatt

Fornavn:

Etternavn:

Formuetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Annonse
Annonse
Annonse