• FOTO: Anders Minge

Erling slapp å bli henretta

Han ville ikkje ha namnet sitt på ei liste. Det redda truleg livet hans.

- Eg er ofte her på gravene over dei falne, seier Erling Mæland. To arbeidsnevar kviler bak på ryggen mens blikket glir over gravstøttene på kyrkjegarden på Odland sør for Varhaug. Augene til 88-åringen røper godmot, ro og ettertanke.

Ein haustdag i 2006 veit han så inderleg vel at han kunne vore ein av dei som fekk sin siste kvilestad akkurat her, 12. september 1945, slik broren Magnus gjorde. Broren var ikkje meir enn vel 21 år då tyskarane tok han av dage.

- Han ligg her. Det same gjer bestekameraten min i ungdommen, Olav Ege. Han vart 23 ½ år. Trygve Varden hadde same alderen. Sverre Waldeland vart vel 26. Eg kjende alle, seier Erling og ser mot grava og utover mot jærhavet.

For 65 år sidan kunne han ha vore ein av dei 17 ungdommane frå Jæren som Gestapo-sjefen i Rogaland, Arnold Hölscher, og lensmannen i Hå arresterte for fluktforsøk. Arrestasjonane skjedde 17. oktober 1941.

18 jærbuar hadde planlagt å flykta til England med ei skøyte frå Obrestad hamn. Då hadde okkupasjonen av Norge vart eit år og fem månader. Nazi-Tyskland hadde invadert Sovjetunionen 22. juni i 1941. I heile Norge gjekk gloheite rykte om at norsk ungdom ville bli tvangsutskrevne til krigstjeneste på Austfronten.

Okkupasjonen av Norge var tung nok for norsk ungdom å svelgja. Erling Mæland hadde vore i det militære rett før krigen braut ut og fått opplæring på maskingevær. Han kunne godt tenkja seg å kjempa mot okkupasjonsmakta i Norge eller frå England.

Då ryktene om tvangsutskriving begynte å rulla, starta jærsk ungdom planlegging av båtflukt over Nordsjøen til Storbritannia. På garden Mæland hadde Erling mor si og ni sysken. Faren var død. Erling ville til England.

Hamner som Madland og Obrestad var mest aktuelle å leggja ut frå, og første skøyta la ut frå Obrestad til Storbritannia alt 5. september 1941. Tre dagar gjekk den neste til Skottland.

Den tredje skøyta som 18 jærske ungdommar skulle dra vestover med, kom aldri ut av hamna på Obrestad. Topplokket rauk under prøvekjøringa av maskinen og reisa vestover måtte utsetjast.

Båten kjøpte dei av Hjalmar Sirevåg og Johan Rimestad frå Nærbø. Den var så god som ny.

- 5000 kroner skulle me betala. Billeg, meinte me. Til første møtet for den planlagte flukta kan eg hugsa at eg hadde tatt med 800 kroner for å betala vår del i båten. Eg trur eg var den einaste som hadde med pengar til det første møtet, seier Erling.

Arne Vigre frå Nærbø skulle væra kaptein. Han hadde seilt til sjøs i fem år før krigen braut ut. Arne hadde laga ei handskreven liste med namna på dei som skulle væra med over Nordsjøen.

På den lista var namna til Timebuane Torger Sikveland (28 år), Augustus Steinsland (22 år), Andreas Steinsland (24 år), Jørstein Johansen (27 år)og Ola Rosland (22 år). Vidare var det dei seks nærbøbuane Anton K. Bø (19 år), Marton Opstad (33 år), Ingvar Ree ( 19 år), Ragnvald Torland 20 år), Karl Hellestø (27 år) og Arne Vigre (35 år). Frå Varhaug kom Olav Ege (22 år) og Trygve Varden ( 23 år). Til sist var det Sverre Valdeland ( 25 år), Einar Valdeland (17 år), Bjarne Årsland (19år), Magnus Mæland (21 år) og Erling Mæland ( 23 år) frå Vigrestad.

- Eg gjorde det klart at eg var heilt uaktuell dersom det skulle opererast med ei offisiell handskreven liste. Og lappen vart laga utan namnet mitt. På sett og vis vart det redninga for meg, seier Erling.

Kort tid etter slo det hemmelege tyske politiet, Gestapo, til og arresterte dei 17. Karane hadde sikra seg fem fat solarolje frå Jonas Hegre på Sandnes og eit fat frå Hans Riisa i Hillevåg. Sjåfør Alf Sør-Reime frå Nærbø frakta drivstofftønnene til Elias Reime på Varhaug. Jonas Hegre og Alf Sørreime vart arresterte same kveld som dei 17 som gjekk med fluktplanar. Begge var i tysk fangenskap og havna i tukthus i Tyskland like til freden.

Erling trudde då at han skulle gå klar alt.

Første mann som blei tatt, var Arne Vigre. Då Gestapo med hjelp av lensmannen troppa opp utanfor døra til Arne og kona Magda i Opstadvegen på Nærbø, fann dei namnelista og våpen. Då var det gjort. Gestapo og lensmannen i Hå kunne gå før dør til dør og arrestera folk.

Før arrestasjonane hadde Gestapo gjort grundig arbeid og fått snusen i det dei truleg meinte kunne væra eit jærsk nettverk for organisering av flukt over Nordsjøen.

Ein gestapist ved navn Klawitter var sentral i denne opprullinga. Han hadde budd i Norge nokre år før krigen og kunne norsk. Denne mannen snoka rundt i hamnene og utanfor nausta langs jærkysten sommaren og tidleg på hausten 1941. Han snappa opp ting og sette saman puslespelet.

Opprullinga starta med at Gestapo arresterte ein 18-åring frå Jæren og pumpa han i fem dagar og netter før massearrestasjonane. Gestapo lova han fritt leide om han fortalte alt han visste. Den lovnaden heldt ikkje tyskarane. Han sat i tysk fangenskap til freden.

Gestaposjefen Arnold Hölscher og lensmannen i Hå med følge arresterte Erling Mæland 4. november 1941. Same dag tok dei den andre broren hans, Gustav.

- Alle nettene dei tre vekene frå tyskarane arresterte Magnus, sov eg i den gamle løa vår her på Mæland. Eg hadde med meg to maskingevær og 1000 skarpe skot, og eg hadde tenkt å selgja meg dyrt. - Nå i ettertid kan det væra like greitt å vita at dei tok meg på høglys dag mens eg var i arbeid på garden. Hadde dei kome på natta, ville eg ha skote. Då hadde tyskarane truleg utrydda heile grenda her, seier Erling i dag.

Så bar det til Gestapo-hovudkvarteret ved Eiganesveien i Stavanger. Der møtte Erling Gestaposjefen Arnold Hölscher. Før han og hans folk starta å pryla Erling, viste dei han broren, Gustav. Han hadde dei skamslått.

Forhøyra av Erling gjekk bokstaveleg talt slag i slag frå klokka 0730 til 20.30 kvar dag - og i dagasvis. Han nekta blankt på alt.

- Frå tida i fengselet på Lagårdsveien i Stavanger til alle me jærbuar vart sende til konsentrasjonsleiren Grini utanfor Oslo siste veka i januar 1942 er det ein kommentar som har brent seg fast. Det var då kona til ein norsk nazist sa dette ut i lufta på fengselskjøkkenet på Lagårdsveien:

«Det er jo meningsløst at disse folkene skal ha så mye mat! De er jo forbrytere og skal snart skytes likevel».

- Grini-tida var spesiell for meg, seier Erling og ser opp.

- Eg snakka med bror min, Magnus, omtrent kvar dag mens rettsaka mot dei 17 pågjekk og i dagane før dei vart skotne. Ein medfange frå Møre ordna det slik at me kunne koma inn på eit toalett der det var ein luftekanal som gjekk inn til celle 412 på Grini, der dei 17 sat mens rettssaka pågjekk og i påvente av dødsdommane.

4. mai 1942 fekk dei dødsdommane etter ei rettssak som varde i seks dagar. Seks av de 17 fekk like godt to dødsdommar fordi dei hadde planlagt flukt og for oppbevaring av våpen.

Dette gjaldt Arne Vigre, Torgeir Sikvaland, Anton K. Bø, Andreas Steinsland, Augustus Steinsland og Ingvar Ree.

Einar Valdeland slapp dødsstraff på grunn av at han ikkje var meir enn 17 år då fluktplanen vart avdekka. Alle dei 16 andre anka dødsdommane og søkte om benådning. «Das höhere SS- und Polizeigericht Nord» avslo søknadane.

Foreldre, søsken og nære slektningar reiste til Oslo for å få ta eit siste farvel med dei 16, men dei fekk verken sjå eller snakka med dei tiltalte mens rettsaka pågjekk eller i tida etter dødsdommane og mens dei venta på kulene.

Men dei dødsdømde kommuniserte likevel til omverda og ettertida. Den norske offiseren, kaptein Joseph Brunsvig, overtok køya til Arne Vigre etter at han og dei andre jærbuane var henretta på Trandum. Han oppdaga at Arne Vigre hadde rissa inn ei slags dagbok i fjølene i sengebotnen. Arne Vigre hadde snudd borda, slik at dei tyske fangevaktarane ikkje kunne sjå dagbokskribleriene. Utskrift av notata skreiv Brunsvig ned og gøymde på Grini heile krigen. Då krigen var slutt, sende han «dagboka» til enkja etter Arne Vigre, Magda. Originalane ligg den dag i dag i ei skuffe i ein kommode på Nærbø.

Kvelden før ungdommane frå Jæren vart lenka saman med handjern og lasta på bilane og kjørde til rettarstaden, skreiv Arne Vigre dette:

- Jeg vil håpe at alle vi som er dødsdømte blir benådet, slik at vi kan være med å bygge dig Moder Norge op igjen som du var og skal være».

Same kvelden snakka den dødsdømde 19-åringen Anton K. Bø frå Nærbø gjennom nøkkelholet frå dødscella til medfangen Odd Nansen (son til Fritjof Nansen). Deler av samtalen er gjengitt av forfattaren og medfangen Helge Wåle i Griniboka. Budskapet gjennom nøkkelholet var omlag slik:

«Me veit kva me har gjort og me veit kvifor me gjorde det, og me veit at me gjorde rett. Norge vert fritt, og då er alt godt om det så går gale med oss. Me skal klara det fint og me skal ikkje så mykje som blunka med augene når dei skyt oss. Hels og sei det», sa den dødsdømde 19-åringen til Odd Nansen. Denne krystallklare meldinga nådde til og med Kong Haakon 7. i eksil i London.

Så stilte medfangar på Grini seg opp i korridoren utanfor dødscella. Fiolinisten Robert Andersen og Odd Nansen hadde fått lov av ein tysk fangevaktar til å laga ein minikonsert for dei som snart skulle leggja ut på si siste reis.

«Jeg sang et par sanger, for det hadde jeg lovet Anton». Det fortel Odd Nansen i Griniboka.

I same boka fortel Nansen og at klumpen sto langt oppi halsen då han song «Jeg lagde meg så silde», «Solveigs sang» og til slutt «Gud signe deg Norge, mitt deilige land».

Medfangane i korridoren utfor dødscella våga ikkje å syngja med. Men song gjorde dei i dødscella. Klokka 24.00 natt til 21. mai 1942 vart dei 16 henta og ført vekk. Den natta då desse unge jærbuane vart førde bort i lastebilar frå konsentrasjonsleieren Grini til rettarstaden på Trandum, var Erling Mæland, broren Gustav og seks andre jærbuar politiske fangar på Grini som følge av Gestapo-opprullinga på Jæren hausten 1941. Dei hadde orkesterplass då SS-vakter lenka dei dødsdømde saman to og to, klipte av nummera av fangedraktene og beordra ungdommane opp på militære lastebilar til siste reis i livet.

Så skjedde det noko heilt uventa:

Mens ein tysk SS-soldat bandt dei dødsdømde saman to, vart 19-åringen Bjarne Årsland kutta laus og ført inn på eit kontor. Der fekk han vita at han slapp dødsdom fordi at han «bare» var 19 år. Tre dager etterpå fekk han koma saman med dei andre medfangane på Grini..

- Alle på Grini kjente dei 15 i jærgjengen og oss andre fangar frå Jæren. Me som levde vidare, fekk vita om henrettingane med ein gong, seier Erling.

Dei 15 vart kasta i ei anonym massegrav på Trandum. Ingen skulle finna lika deira. Men ein eller annan må ha hatt andre tankar om akkurat det, og merkte av massegrava.

På sommaren 1942 plukka SS Erling Mæland, Tønnes S. Lode og ein heil del lærarar frå Rogaland ut til straffarbeid langs ein veg i Kvænangsfjella i Troms fylke. Der vart dei værande til november 1942. Så fekk dei ordre om å pakka det dei hadde av personlege eigendelar, for nå skulle dei sendast sørover igjen.

Då hadde dei god tru på at dei skulle setjast fri. Men på Grini fekk fangane vita at neste stopp ville bli Tyskland og slavearbeid og tidleg død i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

Morgonen 8. desember 1942 vart fem jærbuar og ein heil del fangar som gjekk under navnet «Filmgjengen» på Grini, stuva inn i lastebilar og køyrde til kaien ved Akershus festning. Alt i alt var dei 69 fangar. Ein 21-åring som ingen kjende eller hadde sett før, kom også til. Det var Kristian Ottosen, mannen som etter krigen har skreve alt som er verd å skriva om norske politiske fangar under 2. verdenskrig.

- Eg kan minnast at Tønnes S. Lode frå Nærbø hadde fått tilsendt ein heimevevd vinterfrakke av mor si, Serina. I det fuktige og kalde lasterommet under overfarten til Danmark med fangeskipet «Monte Rosa» heldt Kristian, Tønnes og eg varmen saman under denne store frakken.

Frå Århus i Danmark gjekk ferda vidare med tog til Tyskland. Først til fengselet F¨uhlsbüttel i Hamburg og så til Berlin. Berlin og Tyskland vart eit sjokk for nordmennene. Fangane vart lenka saman to og to, før avmasjen til fengselet ved Alexanderplatz i hjarta av Berlin.

- SS-vakter jaga oss med skrik, hyl, slag og spark frå jernbanestasjonen til fengselet. Ungar spytta på oss mens me gjekk gjennom gatene.

Eit overfyllt fengsel der det var fangar frå dei fleste landa i Europa, venta dei. Her var det alle mot alle og vegglus i store flak over alt. Ikkje fekk dei mat heller. Nordmennene laga kringvern, for nå var ingen trygge.

- Dagen etter vart me klemde inn i kuvogner og så bar det til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, ca. fire mil utanfor Berlin. Eg kan hugsa at ein heil kontigent med fangar frå Ukraina velta ut av vognene saman med oss. SS-vaktene gjekk laus på dei med geværkolber, slag og spark. Halvparten av desse fangane kom aldri levande inn porten i Sachsenhausen rett før jula 1942.

Sachsenhausen vart eit dagleg kav for livet. Av eldre tyske kommunistar som hadde vore politiske fangar i Sachsenhausen sidan åpninga av leiren i 1933, fekk dei vita kor skjørt livet var og korleis dei måtte te seg for å klara å overleva.

Men angsten var der alltid. Eit skeivt ord, eller rett og slett det at fangane gløymde å stå i giv akt og ta av lua når ei SS-vakt passerte, var nok til at dei kunne få ei kule i skallen. I beste fall fekk fangane pryl og skambank.

Svolten og sjukdommar herja heile tida i konsentrasjonsleiren med 25.000 til 30.000 fangar til ei kvar tid. Gasskammer, krematorium, død og menneskeleg fornedring var ein del av dagleglivet. Henging av medfangar på appellplassen måtte alle i leiren væra vitne til.

- All denne djevelskapen vart ein slags vane, men eg kan hugsa då SS ein morgon skulle hengja ein 15-åring frå Ukraina fordi gutten skulle ha skore av litt lær frå ei rideveske til ei SS-vakt for å lappa skorne sine. Det var ein kald vintermorgon på appellplassen. 25.000 fangar sto på rekkjer. Mellom rekkjene gjekk SS-vaktene. Fangar som seig i kne under slike seansar, var ikkje mykje verd. Det kan eg lova.

15-åringen vart førd opp på fallemmen. I det bøddelen la repet rundt halsen på gutten, peika 15-åringen på bøddelen. Med ei røyst som bar over heile appellplassen, sa han:

«Heute mich - Morgen dich, Es lebe Stalin!»
( I dag er det meg, men i morgon deg, leve Stalin!)

- Faren til gutten var fange i leiren og måtte sjå på denne makabre forestillinga, seier Erling og vert taus - og tek ny sats.

Nordmenn og danskar kom truleg noko betre utav det enn fangar frå andre nasjonar fordi Røde Kors i 1943 fekk til ei ordning der me fangar kunne motta matpakkar ein gong i månaden. Det letta tilværet akkurat så mykje at nordmenn kunne halda det verste suget av aldri å få nok mat på litt avstand.

- Og så kunne me senda brev til Norge og motta brev heimanfrå ein gong i månaden. Det hjalp oss til å halda motet oppe. Desse måtte skrivast på tysk. Det gjaldt begge veier. Slik var SS-systemet. Sensuren måtte kunna kontrollera breva. Derfor tok medfangar som kunne tysk, på seg jobben med å skriva for oss som motyting for kamerathjelp andre vegen. For dei heime var signaturen vår eit prov på at det spant liv i oss.

- I 1944 forsto me at det bar mot slutten for Hitler-Tyskland. Nattehimmelen var raud og gul som i soloppgang når allierte fly bomba Berlin og fabrikkanlegga like ved konsentrasjonsleiren. Dei siste månadane i Sachsenhausen var leiren overfylt av fangar. Historien fortel at så mange som 50.000 avmagra menneske var inannfor portane på det meste.

Då gjekk det beinharde rykter om at alle fangar skulle skytast eller gassast i hel før russarane eller amerikanarar og engelske styrker rykte inn. På eit tidspunkt seint på vinteren 1945 sto russiske stryker like utanfor piggttrådgjerdene i Sachsenhausen. Men russarane trekte seg tilbake då.

- Ein medfange og eg slapp så vidt frå det med livet då me saman med ei fangetropp var på veg frå arbeid ein dag og opplevde eit massivt bombeangrep like ved oss. Me to fekk kasta oss under ein tysk lastebil før bombene kom. Då det heile var over og me kunne krypa fram, var bilen smadra. Rundt oss spant det ikkje mykje liv.

Så begynte rykta om svenskehjelp og Dei kvite bussane frå Røde Kors å svirra i leiren i februar 1945.

- Då hadde ein tysk kriminell medfange klart å skaffa meg ein bukse frå ein død jøde. I linninga i buksa var det sydd inn rundt 20 amerikanske dollar. Den tok eg på meg under fangedrakta før me lasta oss inn i Dei kvite bussane og snegla oss langs utbomba vegar der det låg lik av dyr og menneske. Målet var Danmark og freden. Pengane i buksa skaffa meg plass i ei trekkvogn den siste etappen fra Tysk- land og inn i Danmark rett før krigen var slutt.

Så gjekk ferda vidare frå Danmark til fredelege Ramlösa i Sverige. Der fekk dei norske fangane mat og stell. Sykesøstrene var som dansande himmelske englar.

Og så kom Erling heim.

- Eg gjekk av toget på Vigrestad stasjon 28. mai 1945. Plattforma var full av folk.

- For meg var dette vanskeleg. Eg følte meg aleine. Bror min Magnus var skoten. Den andre bror min, Gustav, var kommandert rett frå Grini til dei norske styrkane som hjalp til med gjenreising i Nord-Norge. Alt var liksom så stille i heimbygda.

- Eg kjente alle dei 15 ungdommane frå Jæren som vart tatt av dage av tyskarane på Trandum natta til 21. mai 1942. Eg seier som det var: Den første tida heime var hard.

Så fann dei massegrava på Trandum med dei 15 falne frå Jæren.

Dei skulle ikkje finnast. Men tyskarane hadde gravlagt lika i ei myr. Då dei åpna grava, var kroppane så godt konserverte i den tette myra at ein profesjonell teiknar kunne laga skisser av kvar og ein.

- Me pårørande indentifiserte dei falne utfrå teikningane. Lika vart kremerte og så kom urnene og kistene heim til Jæren, sier Erling.

Stasjonsbyen Vigrestad var ikke meir enn 50 hus med kanskje 250 innbyggjarar då. 12. september 1945 møtte rundt 1500 menneske opp i sentrum av stasjonsbyen.

Dei såg Erling Mæland bæra kista til broren opp på langkjerra, slik dei andre gjorde det med kistene til dei tre andre falne frå Vigrestad og Varhaug. Heile Jæren sto langs vegen og viste si medkjensle med dei næraste og gravfølget.

Så smatta den første i følget på hestane, og kjerrene med kistene sveipt i norske flagg seig framover gjennom hausten og bygda. Den siste reisa for dei falne hadde starta. Med tunge steg gjekk gravfølget nordover langs vegen til kyrkja på Odland.

Den største gravferda på Jæren nokon gong, kan me seia nå.

Les også

Siste fra Magasin

Siste nytt

Siste 100 saker