FOTO: Scanpix
Vikeså vassverk er det einaste offentlege vassverket i Rogaland som har fått pålegg frå Mattilsynet om å sikra seg betre mot parasittar i drikkevatnet.
AV:
turid
furdal
vigdis
hocken
Mattilsynet sjekka tidlegare i år totalt 357 vassverk, som er 26 prosent av alle norske vassverk.
Her i fylket er det berre Vikeså som ikkje held mål. Vassverket blei pålagd å installera nytt anlegg for ultrafiolett stråling av drikkevatnet.
Avdelingsingeniør Ragnhild Berntsen i Bjerkreim kommune håpar UV-reinsing av drikkevatnet frå Vikeså vassverk er på plass i løpet av våren 2008.
Vikeså vassverk leverer vatn til 350 husstandar.
LES OGSÅ: Må sikre drikkevannet
Dobbel sikring
IVAR leverer vatn til 230.000 innbyggjarar i regionen. Dette drikkevatnet kan ikkje innehalda parasittar, hevdar IVAR. For sju månader sidan opna nemleg eit UV-anlegg som del av vassbehandlinga ved Langevatn i Gjesdal. UV-strålinga kjem i tillegg til kloring av vatnet.
Desse to reinsetiltaka gjer at sjefingeniør Karl Olav Gjerstad i IVAR er svært sikker på at vatnet som blir levert ut til kommunane i Jær-regionen er smittefritt.
– UV-anlegget er bortimot det sikraste tiltaket som finst for å fjerna parasittar i drikkevatn, meiner Gjerstad.
Mattilsynet nøgd
Ifølgje Mattilsynet for Midt-Rogaland er alle dei offentlege vassverka i distriktet godt sikra etter fleire års fokus på parasittar. Seniorinspektør Egil Halvorsen karakteriserer vasskvaliteten som bra ved dei offentlege vassverka på Nord-Jæren og i Ryfylke.
– Det finst tre måtar å behandla råvatnet for å bli kvitt parasittar: Membran, UV-stråling og fullreinsing, seier Halvorsen. Han er trygg på at vatnet som går ut på nettet i distriktet er godt sikra, men legg til at det i dag ikkje finst krav om direkte kontrollar for parasittar ute i leidningsnettet.
– Men her finst det krav og rutinar for kontroll av tarmbakteriar som e.coli. Dersom me finn slike, vil det utløysa krav om koking av vatnet, seier Halvorsen.
Hyppige kontrollar
Storleverandøren IVAR kontrollerer både råvatnet som kjem frå Stølsvatn og Romsvatn, og det ferdigbehandla vatnet for e. coli-bakteriar.
I tillegg blir det tatt prøvar fem stader langs hovudvassleidninga som går ut til kommunane. Vassprøvar blir dessutan sende til eit eksternt laboratorium for kontroll kvar veke, opplyser sjefingeniøren.
– Med omsyn til parasittar er det tatt nokre tital prøvar av det ubehandla råvatnet sidan år 2000. Desse har som regel vist ingen førekomst, medan eit fåtal prøvar har vist svært låge førekomstar av parasittar. Desse resultata er normale for norske råvasskjelder, seier Gjerstad.
Giardia i Bergen
Hausten 2004 blei rundt 6000 bergensarar sjuke på grunn av Giardia-parasittar i drikkevatnet. Desse ville eit UV-anlegg ha tatt knekken på, ifølgje Gjerstad.
Utbrotet i Bergen var ein av grunnane til at IVAR framskunda installeringa av eit alt planlagt UV-anlegg.
– Årsaka til det store Giardia-utbrotet i Bergen var at det var kloakkutslepp berre få hundre meter frå vassinntaket. IVAR sin styrke er at me ikkje har kloakkutslepp i vårt nedbørsområde. Her er også i svært lite tilsig frå dyrebeite, seier Karl Olav Gjerstad.
Det er funne parasittar i drikkevatnet tre stader i Oslo. Giardia og Cryptosporidium er begge parasittar som kan gi diaré hos menneske.
Kommentarer