Det gjekk på engelsk og norsk då rektor Marit Boyesen ønska velkommen til semesteropninga på UiS. Om lag 300 av dei over 5000 nye studentane er nemleg frå utlandet.
AV: kristin eide
Det er første gang at Marit Boyesen ønskjer velkommen til semesteropning som rektor og styreleiar.
- Eg er litt spent, men eg gler meg og. Det er ein fin tradisjon med semesteropning, med både musikk og talar, sa Boyesen før ho leia den "akademiske prosesjonen" inn i ein fullsett Tjodhall i Kjølv Egelands hus.
Vel inne song Stavanger Studentsangforening både den internasjonale studentsongen og Champagnegaloppen. Under sistnemnde vart det servert champagne i salen, og songen vart avslutta med både skål og applaus frå salen.
Deretter var det Boyesen sin tur, og ho oppmoda mellom anna til å delta og engasjera seg frå dag ein.
- Gå på førelesningar, les pensum, les gjerne meir enn pensum, still spørsmål og finn nokon å diskutera og jobba saman med, sa Boyesen.
Ho slo over til engelsk då ho ønska dei internasjonale studentane velkomne. Om lag 600 studentar frå 67 ulike land studerar i år på UiS, rundt halvparten av desse studentane er nye i år.
Heile talen kan du lesa her.
Både ho og dei andre talarane, ordførar Leif Johan Sevland, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad, leiar Morten Rønne StudentOrganisasjonen ved UiS (StOr) og universitetsdirektør John B. Møst kom inn på dei tragiske hendingane 22. juli. Også "Til ungdommen" av Nordahl Greig vart sunge for å heidra offera for terroren.
- Me hyllar kunnskapssamfunnet, sa Hetland, og la til at detta må vera tufta på verdiar og eit humanistisk grunnlag.
I tillegg var det musikalsk underhaldning frå Moi, og standup med Olav Halvorsen og Sven Rusdal.
Kommentarer