• Fleire av fiskane ser skremmande ut. Derfor har museet ei tilleggsutstilling basert på havmonster.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • Blekksprut med krokar er eit av dyra som er utstilt, han har det latinske namnet Ancistroteuthis lichtensteini.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • Fiskane som er utstilte er montert i glashaldarar fylte med sukkerlake.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • Gøril Wallin har samla ting som er funne i dei store verdshava og støypt dei i akryl for å visa korleis menneske påverkar jordkloten.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • David Shale var med på forskingstokt og fotograferte dyra som vart oppdaga med ein gong dei kom opp i båten.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • Ørnulf Opdahl laga skisser då han følgde havforskinga, og resultatet vart akvarellmåleri.

    FOTO: Ingrid Hagelund

  • På den midtatlantiske rygg, det utforska området, er det to plater som dreg kvar sin veg. Det oppstår vulkanutbrot som dannar fjellkjedar i havet.

    FOTO: Ingrid Hagelund

Sjå monsterfiskane som lever utan lys

Museum Stavanger opna fredag utstillinga «Dypere enn lyset».

Utstillinga viser fiskar med ekstreme tilpassingar, frå livet i havet ned til 4000 meter djupn. Havforskningsinstituttet og Universitetet i Bergen leidde det internasjonale forskingsprosjektet MAR-ECO som utstillinga har sitt utspring i. Forskarar frå 16 land har sidan 2003 forska på livet langs den midtatlantiske rygg for å forstå korleis økosystema så djupt fungerer.

- At utstillinga er basert på eit forskingsprosjekt er heilt unikt, seier Lene Berge Førland, kommunikasjonssjef og fungerande administrerande direktør i Museum Stavanger.

Kunstnarar på forskingstokt

Med på tokta under forskingsprosjektet var fotograf David Shale og akvarellmålar Ørnulf Opdahl. Dei var med for å laga ei utstilling med resultatet av det forskarane fann. Med ein gong fiskane var komne om bord i båten fotograferte Shale dei i spesialakvarium. Opdahl laga skisser undervegs på forskingsferda, og måla motiva i akvarell etterpå.

Anne Aspen frå Bergen har designa utstillinga der montasjane er sett opp i kryss og fordelt på to rom. Utstillinga er spesialdesigna ut i frå romma som er i museet. Gunnar Langhelle har laga montasjen og hatt ansvaret for teknisk konservering av dyra. Aspen og Langhelle har reist rundt i fleire land med utstillinga, mellom anna har utstillinga vore i Paris, Washington D.C. og Tyskland.

- Det betyr mykje for oss å ha denne utstillinga sidan ho er resultat av forsking. Utstillinga har ikkje vore i Stavanger før, og kan bidra til at folk i regionen vår får vita meir om korleis forskingsprosessar føregår, seier Atle Fiskå, avdelingsdirektør ved naturhistorisk avdeling på Museum Stavanger.

Opplegg for skular

I tillegg til fotografi og akvarellar er det stilt ut teikningar. Thorolv Rasmussen jobba som illustratør frå 1910 til 1950. Han teikna fiskar som vart oppdaga med stor presisjon.

- Då Rasmussen teikna talte han kor mange finnebein og skjell fisken hadde, for at det skulle verta autentisk, seier Fiskå.

Museet har laga klart undervisingsopplegg for barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular.

- Ungane kjem til å elska denne utstilinga. Ho er tilrettelagt godt for born ved at mykje av det som er utstilt er i rette høgda for borna. I tillegg er utstillinga svært lærerik, seier Lene Berge Førland.

Tilleggsutstilling om havmyter

Museum Stavanger har i samarbeid med Stavanger sjøfartsmuseum laga eit eige innslag til utstillinga. Marinarkeolog Endre Elvestad har laga ei eiga utstilling om havmonster.

- Havet har ei kulturhistorie som er interessant. Utstillinga byggjer på mytar om til dømes sjøormar. Fram til for 50 år sidan var havet heilt ukjent. Havet er jordas siste villmark med store område som ikkje er kartlagde, seier Elvestad.

Tilleggsutstillinga består av informasjonstavler, bilete av runer og måleri av ei gravferd på vatn.

- Me har stilt ut ein hovudskalle og nokre trepinnar som vart funne på Fogn. Sannsynlegvis er dette delar av ein som er gravlagt i ein båt på vatnet, seier Elvestad.

Utstillinga skal vera på Museum Stavanger fram til 15. april.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Vitenskap

Sjå monsterfiskane som lever utan lys

Museum Stavanger opna fredag utstillinga «Dypere enn lyset».

Asteroide passerte rekordnært jorden

En asteroide passerte tirsdag kveld rekordnært jorden, seks år etter at astronomene første gang fikk øye på den.

Russisk Mars-ferd kan ha gått i vasken

Russlands forsøk på å nå planeten Mars med et ubemannet romfartøy, kan ha gått i vasken. Fartøyet kom ut av kurs kort tid etter oppskytningen natt til onsdag.

Har klart å klone stamceller fra mennesker

Amerikanske forskere har for første gang klart å bruke en kloningsteknikk for å få skreddersydde embryoniske stamceller til å vokse i ubefruktede menneskelige eggceller.

Levde av villsvin og torsk for 7500 år siden

Møt Vistegutten som for 7500 år siden levde i Svarthola i Randaberg.

Relaterte bilder

Atle Fiskå ynskjer både store og små velkomne til utstillinga i Museum Stavanger. FOTO: Ingrid Hagelund

Dyra som er utstilte har ekstreme tilpassingar til mørket dei lever i. Fleire av dei produserer sitt eige lys. FOTO: Ingrid Hagelund

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest