• Ungdomsinstitusjonen Dreieskjevå står i fare for å bli nedlagd, skriv Arnfinn Fiskå (t.v.). Her saman med Brit Munthe, dagleg leiar ved Dreieskjevå.

    FOTO: Jan Tore Glenjen

Kronikk:

Dei praktiske erfaringane blei oversett

Bufdir står for eit syn på korleis ein kan skaffa seg sikker kunnskap som har henta ideala sine frå naturvitskapane.

I haust arrangerte Barne-, ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir) ein anbodskonkurranse for dei private ideelle organisasjonane om kjøp av plassar i barnevernsinstitusjonar. Den nye lova om offentlege anskaffingar gjorde ein slik konkurranse naudsynt, meinte departementet. Dei gamle driftsavtalane, slik dei fungerte så lenge barnevernet låg under fylkeskommunen, var ikkje lenger lovlege, fastslo riksrevisjonen. Departementet gjorde så eit unntak for dei private ideelle organisasjonane og inviterte dei til ein lukka konkurranse.

Resultatet av konkurransen låg føre 8. desember. For fleire aktørar blei resultatet at talet på plassar blei kraftig redusert. Dreieskjevå, som Kirkens Bymisjon Rogaland eig, fekk ingen av dei ni plassane ein i dag har. Det betyr ei styrt avvikling av denne barnevernsinstitusjonen, dersom vedtaket ikkje blir omgjort.

Vedtaket om ikkje å gi Dreieskjevå plassar blei grunngitt med to argument. Kvaliteten var ikkje god nok og prisen var for høg. Det må her nemnast at alle dei institusjonane i region vest som har drive med denne gruppa ungdomar, fekk melding om at dei var for dyre. Det fall tydelegvis ikkje Bufdir inn at dei som har drive med denne gruppa ungdomar, sit med lang røynsle om kva dette vil kosta om det skal gjerast på skikkeleg vis.

I Bufdir si forståing av kvalitet kjem mange av dei vitskapsteoretiske diskusjonane me hadde på 60- og 70-talet til syne, diskusjonar som i ettertid gjerne er blitt kalla positivismedebatten. Dette var ein debatt om kva slags erkjenning og kunnskap som var gyldig og kva som ikkje var det.

Bufdir står for eit syn på korleis ein kan skaffa seg sikker kunnskap som har henta ideala sine frå naturvitskapane. Det er dette filosofen Hans Skjervheim, den fremste kritikken av positivismen, kalla kategori-mistak, ein overfører metodar for innsamling av kunnskap frå naturvitskapane og trur at dei også er gyldige innanfor område som psykologi, pedagogikk, filosofi og sosiologi.

Når Bufdir meinte å kunna påvisa at Dreieskjevå ikkje heldt kvalitativt mål, gjorde dei det med grunnlag i deira lesing og forståing av våre svar på deira spørsmål. Frå Bufdir blei det understreka at det for dei var viktig å halda seg til teksten me hadde skrive. Dei har tydelegvis ikkje sett det problematiske i at det ikkje automatisk er samanfall mellom det som er meint og slik mottakaren forstår teksten. Ein skal ikkje ha arbeidd mykje med tekstar for å vita det, men i Bufdir hevar dei seg suverent over slik kunnskap. Dei les teksten slik alle fundamentalistar les, i trygg forvissing om at det ikkje er nokon avstand mellom teksten og eiga forståing av teksten.

Bufdir lever i forståinga av at kunnskapen om eit saksforhold blir meir presis når avstanden blir stor nok og ein derfor kan skjerma seg frå alle forstyrrande element. Deira forståing av det som stod i anbodspapira, skulle utgjera grunnlaget for deira vurdering. Korleis Dreieskjevå blei oppfatta av dei som har budd der eller bur der, var irrelevant, like så kva slags erfaringar dei hadde med Dreieskjevå som hadde hatt samarbeid med institusjonen. Dei praktiske erfaringane, tyngda i tradisjonen, blei oversett, slik ein kan oversjå tradisjon og erfaring når ein skal rekna ut overflata av ein sirkel, det er nok med formelen.

Eg veit ikkje kva for metodiske refleksjonar Bufdir har gjort i forhold til denne anbodsrunden. Eg veit berre at dei har vore styrt av ideologiske føresetnader dei sjølv kanskje ikkje har vore klare over. Det er blitt meir og meir vanleg å innbilla seg at det ein held på med slett ikkje er ideologi, berre fag og metode, høgt heva over ideologi og meiningsdanning.

Dette er ein tenkjemåte som høyrer positivismen til og som all kritikk til trass har overvintra, særleg i byråkratiske samanhengar. I sin biografi om Hans Skjervheim skriv Jan Inge Sørbø om filosofen si siste kampsak, kampen mot målstyringa av universiteta. Sørbø skriv:

«Dette er i fortetta form alt det Skjervheim kjempa mot: Det er instrumentell behandling av kunnskap, det er positivistisk oppfatning av kunnskapstileigning, det er innordning av det frie tankeliv under eit hardt byråkratisk regime.» Det er neppe skrive med tanke på Bufdir, men det passar nå likevel.

Det er sjølvsagt ikkje lett å samla seg kunnskap om kvaliteten på barnevernsinstitusjonar. Og det viser berre kor meiningslaust heile prosjektet er. Men skal ein først gjera det, må ein ta seg bryet med å samla inn relevant informasjon, og det krev mykje arbeid. Det viktigaste må då sjølvsagt vera å finna ut av korleis dei ulike institusjonane har fungert. Fungerte dei som gode heimar der unge menneske kunne finna fotfeste og få moglegheit til å utvikla seg til å bli gagns menneske, som det ein gong heitte?

I siste hand er det eit spørsmål om heile anbodstenkinga er eit kategori-mistak, veleigna dersom staten skal gjera avtale om bygging av vegar eller innkjøp av marinefartøy. Spørsmålet er om denne framgangsmåten utan vidare kan brukast når det er snakk om å sørgja for at unge menneske skal få gode oppvekstvilkår. Eg er nok tilbøyeleg til å meina at me her er stilt overfor eit Skjervheimsk kategori-mistak.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Delt på Facebook

Mest kommentert

Siste saker fra Aftenbladet.no