Den nye svovelpredikanten

Når homofobien var så nærverande hos Renbergs venstreradikale, tabusprengande Kongsgård-ungdommar for 20 år sidan, er det rart at kristenkonservative miljø ennå slit?

«Herregud! Tror du faen jeg er homo! Tror du faen jeg liker deg! Herregud!»

Det var vondt å lesa, og det var vondt å sjå på film. Jarle Klepps svik mot vennen sin i Tore Renbergs «Mannen som elsket Yngve» var både «gement og inhumant», for nå å bruka Renbergs eigne uttrykk i innlegget her i avisa tysdag.

Men Jarle Klepp i romanen er ingen vondsinna, kald, umenneskeleg person. Han er ein ungdom som er forvirra over sin eigen splitta seksualitet, og som slit med å orientera seg blant forventningar og fordommar. Han er ingen skurk, men ein fortvilande tragisk figur, som endar med å senda mannen han elskar til Dale.

Når homofobien (for noko anna kan me vel ikkje kalla det?) var så nærverande blant venstreradikale, tabusprengande Kongsgård-ungdommar på slutten av 1980-talet, bør då nokon undrast over at kristenkonservative ungdomsmiljø slit med dette i dag? 20 år er kort tid for å endra haldningar og mentalitetar. Og ein kunne kanskje ha håpa at Tore Renberg, som har levert ei av dei beste skildringane i norsk litteratur av ei seksuell identitetskrise, ville bidra med romsleg innsikt i kor djupe kjensler dette kan røra ved i menneske. Kanskje kunne me på den måten betre ha forstått dei psykologiske mekanismane i Arnfinn Nordbø-saka, som har sjokkert dei fleste av oss.

Men Tore Renberg gjer ikkje det. I staden framstår han i artikkelen tysdag som nidkjær moralist og mccarthyist.

På programmatisk, politisk korrekt vis plasserer han heile miljø tilbake i den mørke middelalderen, og han kolporterer ein konspirasjonsteori om at Aftenbladet har eit «homoproblem», ein skjult kristen-konservativ agenda, «betydelige bindinger til sentrale personer i Kristen-Norge, (...) et nettverk like sterkt og dulgt som styrevervene i Stavanger». Dette nettverket skal då visstnok vera representert av andre personar enn sjefredaktøren, og dei skal ha fått Aftenbladet til på leiarplass å uttrykka forståing i staden for fordømming av hetsen mot Arnfinn Nordbø.

Eg trur Tore Renberg er nokså aleine om å tolka Aftenbladet på den måten. Det er Aftenbladet som har sett Arnfinn Nordbø-saka på dagsordenen på ein måte som ikkje kan etterlata tvil om at me her meiner det er gjort overgrep mot eit menneske. På leiarplass har Aftenbladet sagt klart frå om at denslags sjikane er uakseptabel. Me har peika på at kristne organisasjonar og miljø har eit klart ansvar for å ta eit oppgjer med hetsen, og for å gå i seg sjølve med tanke på om deira forkynning og interne kultur kan gi legitimitet til slik mobbing. Reaksjonane frå Misjonssamband-krinsar tyder ikkje akkurat på at dei synest dei har fått eit forståingsfullt skulderklapp av Aftenbladet.

Samtidig skal ein passa seg for å generalisera. Den grove språkbruken i SMS-meldingane er ikkje typiske for kristne miljø i Rogaland, heller ikkje for medlemmer av Misjonssambandet. Arnfinn Nordbø-saka gir ikkje grunnlag for å stigmatisera motstandarar av ekteskapslova. Debatten om lova er legitim, og må kunna førast uavhengig av overtramp frå enkeltpersonar.

Tore Renberg plasserer Aftenbladet i rolla som den forsonande presten, som «under to sørgmodige hundeøyne» snakkar om «at det må være et felles mål å føre samtalen på et respektfullt plan».

Denne karikaturen trur eg Aftenbladet kan leva med. Eg ser det faktisk som eit langt større problem at dei mest aktive partane i homo-debatten ikkje synest å vera i stand til å snakka med kvarandre, men i staden dyrkar fordommar og fiendebilde av motparten. Ein er opptatt av å markera eigne standpunkt og stadfesta eige verdsbilde framfor å lytta til den andre. Filosofen Kierkegaards ord om at den som vil overbevisa eit anna menneske, må møta henne der ho er, fell på steingrunn.

I tillegg har både homo-aktivistar og kristenkonservative ein tendens til å innta ei lite konstruktiv offerrolle - om enn med god grunn.

Trass i haldningsendringar dei siste åra blir homofile framleis trakasserte i Norge. Det skjer ikkje bare i kristne miljø (eg er ikkje eingong sikker på om desse miljøa er dei verste), men også innanfor idretten, i Forsvaret og på andre mannsdominerte arbeidsplassar. Det blir stadig dokumentert at dette kan føra til psykiske problem og verste fall til sjølvmord.

Til gjengjeld er dei homofile så definitivt ein del av det gode selskap i det politiske Norge og i media. Homofile har fått lovvern mot diskriminering, og dei får stort gjennomslag for sin politiske dagsorden.

Her er det dei kristenkonservative føler seg som taparar. Dei opplever at det skjer ei politisk styrt avkristning av landet, at haldningar som tidlegare var naturlege og sjølvsagde er komne under sterkt press, og at deira miljø og meiningar konsekvent blir ignorerte eller vinkla negativt i media. Dette kan føra til at bedehus-Norge utviklar seg i sekterisk retning, meir og meir isolert frå storsamfunnet, eller blir politiske aktivistar på ytre høgre fløy, som i USA. Eg ser ikkje med glede på nokon av delane, eg trur det er viktig at desse delane av kristen-Norge framleis er med i den store samfunnssamtalen.

Til slutt: Gjennom livet har eg opplevd endringar i synet på homofili og homofile som eg knapt trudde var moglege. Eg har sett korleis frykt, forakt og uforstand har vike plass for aksept, respekt og forståing - sjølv i miljø der ein minst skulle venta det. Folk flest er bra folk. Men det kunne aldri ha skjedd utan at det fanst vilje til å sjå den andre som medmenneske, til å forstå at å kasta om på gamle verdiar kan vera smertefullt, men at det er betre å snakka saman om vanskelege ting enn å setja kvarandre i bås og skyta på vrengebilde.

Så får eg heller denne gongen ta på meg den forsonande prestekjolen. Heller det enn å spela Renbergs nye rolle som sekulær svovelpredikant.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Relaterte bilder

Delt på Facebook

Mest kommentert

Siste saker fra Aftenbladet.no