Digitale klasserom

Den til dels naive teknologioptimismen frå dei glade 80-åra lever i beste velgåande.

Det er interessant å høyra reaksjonane ein får når ein røper at ein er kritisk til bruken av data i klasserommet. «Å ja, så du vil attende til blyant og papir, du då?», er ein av gjengangarane. Eller sekstiåringen som lett hovudristande triumferer over ein langt yngre kollega: «Så gamaldags du er!» Meir dedikerte digitalistar raslar fort med merkelappen reaksjonær. Ein debatterer ikkje lenger digitaliseringa av skulen. Det digitale klasserommet er ein visjon innprenta av Kunnskapsløftet, der digital dugleik er sidestilt med det å kunna lesa, skriva, rekna og uttrykka seg munnleg.

FOTO: Colourbox

Men likevel, eller kanskje nettopp på grunn av denne avfeiinga av debatten, meiner eg det er all grunn til å halda liv i teknologikritikken. Når debattar vert pressa inn i eit spor der ein anten er framtidsretta eller gammaldags, anten er innovativ eller håplaust akterutseglt, er det ein god grunn i seg sjølv til å gå realitetane etter i saumane.



Situasjonen i norsk skule i dag, har ein del svarte flekker. Same korleis ein vel å avkoda tala frå dei ulike skuleundersøkingane, har ein vel sjølv i SV kome fram til at hovudtendensane ikkje kan feiast under fillerya; me er ikkje der me ønskjer å vera resultatmessig. Når ein i tillegg får tal på bordet som stadfester at ein altfor stor del av elevar i vidaregåande droppar ut før eksamen er avlagd, er det gode grunnar for å vera på stadig spørjande og sjølvkritisk jakt etter det gode skulelivet.



For eit rikt land som vårt, kan det vera greitt og handgripeleg å satsa «innovativt» på slikt som smakar framtid, særleg i ein situasjon der behovet for å ta nokre nye grep melder seg for fullt. Teknologisatsing har noko lovnadsrikt ved seg, og peikar mot noko som har med endring og nyskaping å gjera. Satsing på teknologi, gjev ein kjensla av at noko er «på gang», ei kjensle som i seinare tid har vore altfor fråverande i saker som har med skule å gjera. Ofte ser ein også at satsing på ny teknologi, blir ein rektor- og administrasjonsdraum. Det er her ein får høve til å markera at ein vil noko, at ein er visjonær. I tillegg er det gjerne pengar i potten og heider å henta om ein prioriterer og viser veg når det gjeld bruk av IKT.



Bruken av digitale media i vidaregåande skule i dag, syner at den til dels naive teknologioptimismen frå dei glade 80-åra lever i beste velgåande. Datateknologien skal forløysa alt frå fagformidling til fattigdom, det er berre eit spørsmål om tid og investeringar. I tillegg er databruken i klasserommet også prega av den lammande «anten-eller»- haldninga eg skisserte i innleiinga. Mykje tyder på at ein ikkje greier å setja gode grenser for databruken fordi ein føler det verkar bakstreversk. Under dekke av at digital mediebruk er ein grunnleggjande ferdighet, tillét mange lærarar at elevane duppar i eit digitalt daudvatn, med eitt auge på Facebook og det andre på lærarens upersonlege PowerPoint. Ein let teknologien herska over pedagogikken; og ein sausar saman god og kritisk nettbruk med åndsfråvær og flimrande hjernetørke.



Olav Myklebust, leiar i Møre og Romsdal lektorlag, tok tidlegare i år opp det ein kan kalla «datasnillismen» i skulen. Han hevda at ein meir aktivt bør gå inn for å avgrensa ungdomens bruk av sosiale media i skuletida, og fekk støtte både frå fagforeining og forskarhald. Hakket meir spissa er tidlegare sjefredaktør i den danske avisa Politiken, Kresten Schult-Jørgensen. Jørgensen, no kommunikasjonsdirektør, meiner at dei digitale media «skaber 22-årige analfabetar fulde av selvtillid» og hevdar vidare at dei bidreg til å oppløysa språkleg kompetanse og undergrev evna til å kommunisera, resonnera og nyansera. Denne analysen byggjer sjølvsagt ikkje på nostalgi for blyant og papir, men adresserer ein kultur der det flyktige og fragmenterte får dominera i for stor grad.



Det er synd at ein viktig debatt om bruk av digitale media i klasserommet til no har blitt forseinka av middelaldrande teknologioptimistar som let til å ha selt pedagogsjela si til nokon dei håpar kan programmera framtida for seg. For framtida vert skapt av dei som kan utføra tankearbeid, av dei som kan resonnera og setja ord på samanhengane i tilveret. Slik pedagogikkprofessor Helga Eng for mange år sidan poengterte at «vi kan ikkje tenke med det som står i bøkene», kan elevar av i dag heller ikkje utføra eit tankearbeid med det dei har med seg i den berbare PCen sin. Skal dataverktøy brukast på ein god måte i undervisning og opplæring, krev det ein langt meir gjennomtenkt og kritisk strategi enn den tilfeldige og ofte sløvande bruken ein har i norsk skule i dag. Spørsmålet om kva som er gamaldags, er eit spørsmål som verkar heilt uinteressant når læring er målet.



Fremjar ein læring og danning, kan vel metoden vera gamal som tida sjøl, berre han verkar? Å tilby elevane klasserom som er mindre fragmenterte, meir konsentrerte, der tankearbeid og resonnement rekk å få fotfeste, er ein draum ein bør ta vare på i skulen. Skal ungdomane stå stødig i flimmeret, må dei ut av det digitale daudvatnet og inn i eit klasserom der dei møter krav, nærvær og grenser.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Delt på Facebook

Mest kommentert

Siste saker fra Aftenbladet.no