• FOTO: Scanpix

Leiar:

Ein nyttig provokasjon

HIJAB: Muslimen Sara Azmeh Rasmussen skapte reaksjonar ved å tenna fyr på ein hijab under 8. mars-markeringa i Oslo i går. Hijab-brenninga vart møtt med både buing og applaus, og ein og annan snøball.

Sara Azmeh Rasmussen seier sjølv at ho ville protestera mot kodane som ligg i sløret, mot kjønnssegregering og mot at kvinner blir gjort til objekt. Ho avviser at brenninga var meint som ein provokasjon.

Men det var det sjølvsagt. Å setja fyr på eit plagg som av mange blir rekna som eit heilagt religiøst symbol, er provoserande på linje med å brenna Bibelen, Koranen eller det norske flagget.

LIKEVEL TRUR ME dette kan visa seg å ha vore ein nyttig provokasjon - og ei handling som paradoksalt nok kan medverka til mindre islamfrykt og eit lettare liv også for muslimske kvinner som vel å gå med det omstridde hovudplagget.

Svært mykje av islamfrykta i det norske samfunnet botnar i oppfatninga av muslimar som ei einsarta gruppe og islam som ein autoritær, einsrettande religion. Dette synet er feilaktig. Akkurat som i den kristne verda er det innanfor den islamske sivilisasjonen store variasjonar - mellom sjiaer og sunniar, mellom moderne og tradisjonelle, mellom fundamentalistar og liberale. Men desse spenningane kjem sjeldan fram i lyset, både fordi ikkje-muslimar kjenner for dårleg til islam, og fordi mange av diskusjonane blant muslimar skjer på kammerset, utan innsyn frå andre.

Det vil vera ein stor fordel for «normaliseringa» av islam om desse diskusjonane og kampane blir flytte ut i det opne rom, slik at både muslimar og ikkje-muslimar får oppleva at strid og konfrontasjonar er noko ein må og kan leva med, også innan islam.

SJØLV OM BILDET av det monolittiske islam i det store og heile er misvisande, er det samtidig rett at ein del muslimske statar og miljø byggjer på eit religiøst verdsbilde som ikkje er blitt tilstrekkeleg utfordra av alternative synsmåtar. Mens dei kristne kyrkjene har måtta læra seg å leva med både renessanse, opplysningstid, darwinisme og eit betydeleg tap av verdsleg makt, har store delar av den islamske verda stått på sida av denne utviklinga - til stort tap for dei sjølve.

Etter kvart som den islamske sivilisasjonen blir meir integrert med Vesten, blant anna gjennom innvandring, vil også tradisjonelle muslimar måtta finna seg til rette med det pluralistiske samfunnet. Men desse prosessane må først og fremst vera muslimars eige verk. Og skal eit problem opp på dagsordenen, fungerer provokasjonar innanfrå vanlegvis betre enn press utanfrå.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Delt på Facebook

Mest kommentert

Siste saker fra Aftenbladet.no