• 27. januar skreiv debattredaktør Elisabeth Skarsbø Moen i VG på sitt eige mål. Det er eitt av lyspunkta Vebjørn Sture i Norsk Målungdom no ser.

Framtida er opp til oss

Kjell Arild Pollestad tek feil når han hevdar at nynorsken uvegerleg er på retur. Me må ikkje berre sjå bakover, det finst òg lyspunkt. Lat oss heller sjå framover, med friskt mot.