Hendene frå matfatet
Fylkesutvalet i Rogaland går for framleis førsteplass i konkurransen om å byggja ned mest matjord i landet.
AV: bjarne undheim og svein høyland Sp-politikere i Time og Hå
Kommentar: Ikkje uventa oversåg fleirtalet i fylket; Høgre, Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet motseiinga frå Fylkesmannen om utbygging av 3500 dekar matjord og store område med gjødsla kulturbeita på Orstad, Kalberg og Frøyland – òg kalla Bybandet sør. I løpet av dei siste 50 åra er det bygd ned rundt 10 prosent av norsk matjord; er me ikkje snart i mål med ”bare litt til” taktikken?
Me ser ikkje at den beste taktikken er å plassera hus der ein kan laga mest mat.
I grunnen er det ikkje den ganske så pompøse Ja, vi elsker som skulle vore nasjonalsongen vår, men Nordmannen, betre kjent som Mellom bakkar og berg. Den fortel verkeleg noko om Noreg og den norske folkesjela:
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Bjarne Undheim, Time Sp
Svein Høyland, Hå Sp
Det første spørsmålet er om fylkesordføraren har sett landet me bur i frå fugleperspektiv? Har ho vore i Rogaland? Har ho vore på Ålgård? Lye? Har ho høyrt om bedrifta Aadne Espeland, dei som snart skal laga ti millionar hamburgarar, som har etablert seg i eit slikt område? Til opplysning er 97 prosent av Noreg å rekna for knausar og knattar.
Tradisjonelt er rogalendingen kjent for å vera arbeidsam og nøysam, med eit mål om å forbetra det ein arbeider med. Om ein brukar landbruket som døme, har Rogaland ikkje alltid vore matfylket. Arne Garborg omtala jærbuen som ein som ”pinte korn av auren (sanden)”. Det var frå 1960-talet og framover matproduksjonen skaut fart i fylket. Skjærpeplogen, gravemaskinen til Moi, og særleg Brødrene Søyland med Brøyten, Serigstad, Kyllingstad, Underhaug, Kverneland og mange andre industrigründerar, la til rette for at det vart muleg å dyrka opp jord i stor stil. Det vart rydda tusenvis av mål med jord på flate Jæren, men og mellom knattar og knausar elles i Rogaland. Det som tidlegare var eit langdrygt arbeid var nå meir eit økonomisk spørsmål. Etter kvart vart Jæren eit av Noregs store matkammar. Me skal ha respekt for dette arbeidet, og sjå verdien og nytta i det. For å setja det på spissen; i eit historisk perspektiv er olje ein parentes i høve til matproduksjon.
Me registrerer kva dei ulike partia står for, og ikkje uventa er Frp for utbygging. Men dei har i det minste eit poeng i at dei vil prøva å få i gang eit prinsipp om at for kvart mål dyrka mark som vert teke, skal eitt nytt dyrkast opp. Dei me stussar mest på er KrF, for kva meiner dei eigentleg om vern av matjord? Varaordførar Ellen Solheim er med i fleirtalet som går for nedbygging. I Bondebladet 26. januar 2012 seier Dagfinn Høybråten derimot følgjande i samband med nedbyggingstakten i Rogaland: "Jeg vil si til jærbuen at ”den kloke mann bygde huset sitt på fjell". Kommende generasjoner vil dømme oss hardt for at vi har bygd ned den beste matjorda vår – en ødeleggelse som aldri kan rettes opp igjen.” Stortingsrepresentanten for Rogaland KrF signaliserer sterkare juridisk vern for den beste matjorda, og ei meir restriktiv linje enn i dag for å stoppa den vanvittige nedbygginga. Det er eit stort sprang frå fylkesgruppa i KrF til stortingsrepresentanten deira. Høybråten krev haldningsendring i kommunane, og omtalar òg nedbygginga av matjord som arroganse – etter vår meining eit dekkande uttrykk for fleirtalet i fylkesutvalet.
Når me brukar så sterke ord om fleirtalet i fylkesutvalet er det på bakgrunn av vedtaket, haldningsendring er totalt fråverande. Vedtaket i fylkesutvalet om nedbygging av Orstad, Kalberg og Frøyland inneheld òg rekkjefølgjekrav. Ein skal først byggja "Orstadbyen”, før ein startar på Lyefjell. Denne strategien vert òg brukt på Vatne i Sandnes. Ein må ha "litt til" før dei går på mindre produktiv jord og fjellgrunn. Får fylkesutvalet viljen sin, kan me gratulera dei med framleis førsteplass i landet på nedbygging av jord i lang tid framover.
Dersom me stoppar litt med fylkesutvalet sin strategi, som ikkje tek omsyn til motsegnene frå fylkesmannen til "Orstadbyen", er Miljøverndepartementet neste stopp for endeleg avgjersle. Har fylkesutvalet gode kort på handa? Rogaland er regionen med sterkast vekst i landet, heilt i inntektstoppen, og har den største matproduksjonen. Resten av landet sit med eit bilete av eit fylke som flyt av olje og mjølk. Vil politikarar og byråkratar på nasjonalt nivå ha forståing for framleis nedbygging av matjord i Rogaland? Eller er det lett å tenkja som i songen til Odd Børretzen om "måker": Skal ha, skal ha?
Kor skal folk bu? Me treng ikkje repetera behovet for nye bustadfelt, og Senterpartiet vil sjølvsagt at folk skal bu godt. Men det må og skal vera ei politisk sak å avgjera kor folk skal bu. Det er òg politikarane som må ta ansvar for å skaffa nok areal til matproduksjon. Me ser ikkje at den beste taktikken er å plassera hus der ein kan laga mest mat.
Me har vore inne på ein del rundt dette i ein kronikk i Aftenbladet i juli 2011. Nå vil me særleg peika på to viktige tiltak for å få dette til å gå saman: Det må på plass ei vegløysing der Lye på enklast muleg vis kan koplast mot E-39. Dobbelspor sørover Jæren, i alle fall til Sirevåg, må koma i stand så fort som muleg. Då vil ein gjera to alt godt etablerte bustadområde langt meir attraktive. På Lye er det plass til tusenvis av bustader innover Njåfjellet. Time kommune eig allereie 700 mål. Stokkelandsmarka i Hå har alltid byggjeklare tomter. Som nemnt i ein artikkel i Aftenbladet nyleg, er det opp mot to millionar kroner å spara på ein 100 m² leiligheit om du flyttar 40 minutt med toget frå Stavanger!
Me meiner saka om utbyggingsområde er av nasjonal betyding i høve til framtidig matproduksjon, og krev at det må koma eit nasjonalt bidrag for å løysa utfordringane med vegløysing til Lyefjell og dobbelspor sørover Jæren. Dette hastar, for den pågåande saka om utbyggingsområde i Rogaland legg føringar for fleire tiår.
Til helga skal Rogaland Senterparti ha årsmøte, der dette vil vera ei av dei viktigaste sakene me vil få sendt vidare til Regjeringa. Me vil igjen sitera Dagfinn Høybråten i Bondebladet: "Det må i fremtiden ikke kunne gå an å ta korteste vei over et dyrket jorde." Det er me einige i.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Delt på Facebook
Mest kommentert
Siste saker fra Aftenbladet.no
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Politiets Fellesforbund ber etaten lære av 22. juli
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
Kommentarer