-
FOTO: Scanpix
Kommentar av sjefredaktør Tom Hetland:
Med 6 prosent på vippen
Kristeleg Folkeparti kan bruka nøkkelrolla si til å gjera seg spennande. Men vågar partiet?
AV: tom hetland, sjefredaktør
137 DAGAR IGJEN: Kristeleg Folkeparti har stabilisert seg som eit 6 prosents-parti. Men det kan vera mykje makt i dei prosentane.
På dei fleste målingane det siste året har KrF hatt vippeposisjonen mellom dei raud-grøne og resten av opposisjonen. Det same kan for så vidt seiast om Venstre. Men Venstre har i regjeringsspørsmålet profilert seg tydelegare som eit borgarleg parti, samtidig som Lars Sponheim har markert klar front mot Frp.
Dagfinn Høybråten har til samanlikning stått fram som ein meir konturlaus meklar mellom blokkene, sjølv om han avgjort kviler tyngre på den høgre enn på den venstre foten. Høybråten seier han ønskjer ei regjering med tyngdepunkt i sentrum som kan samarbeida til begge sider - etter mønster frå Bondeviks sentrumsregjering. Realistisk? Neppe.
HØYBRÅTEN har ikkje den same Ap-fobien som Lars Sponheim, sjølv om han har passa på å gjera seg kostbar når Ap har kome med sine frieri. Det kan godt henda at KrF kunne ha oppnådd meir politisk med ei opnare haldning til Ap, men KrF er ikkje Senterpartiet. KrF-grasrota er ikkje moden for å kryssa blokkgrensa, til det opplever dei Ap som for mykje av ein motpol i dei klassiske kristne hjartesakene.
Når det gjeld Frp, står dei to sentrumspolitikarane saman om å avvisa eit regjeringssamarbeid. Men her har Høybråten det vanskelegare med sitt eige parti enn Sponheim. Mens Venstre-medlemmer i by og bygd og i alle aldrar ville grøssa ved tanken på å gå til sengs med Siv Jensen, er det eit ganske stort mindretal i KrF som ikkje har den same motviljen mot Frp.
NÅR KRF SAMLAST til landsmøte i Kristiansand i dag, får utsendingane eit opprop frå ei gruppe partimedlemmer som krev at KrF opnar for samarbeid med Frp for på den måten å byggja eit breitt borgarleg regjeringsalternativ til dei raud-grøne. Det er lett å sjå linjene tilbake til høgreopposisjonen rundt Kåre Kristiansen på 1980-talet, og enkelte av underskrivarane, som Gunnar Prestegård, var aktive den gongen òg.
Heller ikkje nå representerer denne fløya noko fleirtal i KrF. Ei meiningsmåling partiet sjølv har gjort blant medlemmene, viser at 28,4 prosent kan tenkja seg å samarbeida i regjering med Frp, mens 54,7 prosent er imot. Bare SV vekkjer større motvilje i KrF enn Frp. Blant dei tillitsvalde i KrF er sannsynlegvis Frp-skepsisen endå større, og den blir ikkje dempa av at Frp denne veka gjekk ut av byrådssamarbeidet med Høgre og KrF i Bergen.
LIKEVEL KAN IKKJE Dagfinn Høybråten heilt oversjå den delen av kristenfolket som blir tiltrekte av Frps støtte til Israel, åtvaringar mot «snikislamisering» og motstand mot homofile ekteskap og andre kulturliberale merkesaker. Det er lenge sidan Carl I. Hagen begynte å beita på KrF sine marker, og Siv Jensen har også vist at ho kan kunsten å flørta med det konservative kristenfolket.
Den politiske dynamikken fram mot valet vil også auka presset for å presentera eit truverdig regjeringsalternativ på ikkje-sosialistisk side. Slik det nå ser ut, har dei raud-grøne ein ønskeposisjon. Frp er større enn Høgre, Venstre og KrF til saman, men utan utsikt til å koma i regjering. Det er gode politiske grunnar til at det er slik, men opposisjonspartia kan gå mot fullstendig havari dersom valkampen blir dominert av splittinga dei imellom. Då kan dei Frp-vennlege i KrF få meir vatn på mølla enn Dagfinn Høybråten liker.
FOR KRF SER DET elles ut til at det er lite som kan påverka oppslutninga, verken oppover eller nedover. Partiet styrer mot eit resultat på før nemnde 6 prosent, som er nivået KrF har lege på sidan det bratte fallet ved kommunevalet i 2003. Dagfinn Høybråten har ikkje greidd å løfta partiet, og sjølv om viktige merkesaker som ekteskapslov og privatskular har stått høgt på den politiske dagsordenen dei siste par åra, har ikkje det mobilisert nye veljarar til KrF. Partiet er på grunnfjellet, men der står det førebels ganske støtt.
Dermed blir KrF for tida eit ganske traust parti. Partiet treng nye, friske kampsaker for å ha sjansen til å appellera til nye og utradisjonelle veljargrupper slik dei gjorde det i Kjell Magne og Valgerds tid. Men slike saker er ikkje i sikte. Skal KrF gjera seg spennande på annan måte, må det utnytta vippeposisjonen på ein djervare måte enn hittil. Spørsmålet er bare om partiet vågar.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Delt på Facebook
Mest kommentert
Siste saker fra Aftenbladet.no
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Politiets Fellesforbund ber etaten lære av 22. juli
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
Kommentarer