-
Saka til Sultan Belay Fsahe, som Bjørn Hagen i Solabakeren nektar å betale bot for å ha i arbeid, har fått fram den håplause situasjonen til såkalla ureturnerbare asylsøkjarar.FOTO: Jarle Aasland
Utlendingslova bør endrast
Det er ikkje lett å sitje i Utlendingsdirektoratet og sjå på det som skjer med "papirlause", skriv Tore Wilken Nitter Walaker. Kronikken er skriven som privatperson.
AV: tore wilken nitter walaker Sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet, som her skriv som privatperson
Kommentar: Mange personar skulle ha reist frå Noreg etter avslag på asylsøknad. Enkelte av desse kunne likevel jobbe inntil i fjor fordi skatteetaten utferdinga skattekort. Årsaka var delvis dårleg samhandling mellom databasar i to etatar. Dermed har vi fått ei gruppe som før jobba og som no har blitt synlege fordi dei skulle ha reist frå landet, men som likevel budde og jobba her.
Barnelærdommen min seier meg at den klokaste alltid gir seg først
Enkelte av desse har familie å forsørgje, små barn som er fødde og har vakse opp her. Kva skjer med ei lita jente på seks år der faren lenger ikkje klarar å skaffe henne det aller mest nødvendige? Kanskje dei må flytte ut av huset dei har leigd. Kanskje barnet blir rive vekk frå den einaste kvardagen barnet kjenner, sitt norske heimemiljø.

Tore Wilken Nitter Walaker
På den eine sida har eg ein lojalitet til etaten, lovar og reglar på området, samt internasjonale konvensjonar. Desse tilseier at kvart land er pliktige til å gi asyl til personar som – med rette – fryktar forfølging. Personar vi meiner det er grunn til å tru ikkje fryktar dette har vi ein klar rett til å vise bort frå landet. Mange av desse reiser på eiga hand, andre må tvangsreturnerast av Politiets Utlendingsenhet.
På den andre sida ser eg av avisoppslag over heile Noreg at det er personar som har det vanskeleg. Eg meiner vi har forpliktingar også i samsvar til internasjonale konvensjonar å sørgje for at det ikkje blir ei underklasse i landet vårt – personar som ikkje blir returnert men som likevel tykkjer det er så viktig å få bli i Noreg at dei føretrekkjer eit liv i ofte nedverdigande fattigdom.
Eg møter enkelte av desse på gata i Oslo, somme søv i portrom. Alle har ulike historier å fortelje. Vi bør alle freiste å forstå kvifor det er slik at enkeltpersonar "bit seg fast" her i landet. Vi har ein mellommenneskeleg forplikting til å sette oss inn i andre personars situasjon.
Permanente løysingar er ofte betre enn midlertidige løysingar, løysingar som famnar om alle, ikkje berre ei spesiell gruppe.
For "returnektarar" – dvs. dei som ikkje vil returnere etter eit avslag på asyl, og som norske styresmakter heller ikkje har klart å returnere innan ein viss periode – kan vi lage ei permanent løysing som seier at etter eit visst mengd år etter endeleg avslag (i Utlendingsnemnda) får personen ordinært arbeidsløyve.
Ei løysing med ordinært arbeidsløyve vil sikre at personen kan forsørgje seg sjølv. Det vil forbetre situasjonen også for vedkommande sin familie. Mange har kanskje barn som dei bur med, enkelte av barna er også fødde i Noreg. Faren eller mora skulle ha returnert, ja. For lenge sidan, ja.
Men norske myndigheiter skulle også ha sørgd for retur der personane sjølve ikkje samarbeida om retur.
Enkelte personar klarer uansett å bite seg fast her i landet, fordi det ikkje er mogleg for myndigheitene å returnere dei med tvang. Dersom det er ekstremt viktig for denne eine personen å få lov til å fortsette å bli her, mens det er umogeleg for myndigheitene å returnere vedkommande, skal myndigheitene då bite saman tennene i år etter år, kanskje 10–20 år og seie til desse personane at dei skal returnere? Ein gong bør det seie stopp. Barnelærdommen min seier meg at den klokaste alltid gir seg først.
For å få dette til, må utlendingslova endrast. Ei slik løysing er opp til Stortinget, men det er snakk om politikk og det er mange omsyn politikarane må ta.
Løysinga på "bite seg fast"-problematikken kan vere at personar med avslag på asylsøknaden, som ikkje sjølve har returnert, og der styresmaktene heller ikkje har klart å returnere dei, får automatisk opphaldsløyve her i landet. Fristen kan settast til tre år etter endeleg avslag (dvs. i Utlendingsnemnda). Tre år er meir enn nok tid for styresmaktene til å overtale til retur, eller sørgje for retur med tvang.
Det store spørsmålet mange politikarar stiller seg er innverknaden av ulike tiltak på asylantane. Vil det kome fleire eller færre personar utan vernebehov med dette forslaget? Eg trur ikkje det vil føre til at fleire asylsøknader med ei permanent ordning der personar med avslag, og som Noreg ikkje klarar å returnere innan tre år, får ordinær arbeidsløyve.
Norsk forvaltning vil på denne måten få eit krav på seg til å sørgje for rask sakshandsaming og rask uttransport. Eg trur eit slikt krav vil byggje opp eit sunt system rundt dette. Det vil også bli ei større forventning til å inngå returavtalar med land for å få til retur med "vanskelege" land.
Ei slik permanent løysing reiser andre spørsmål også, mellom anna korleis integreringa av desse personane skal skje. Dette er spørsmål som er underordna hovudspørsmålet, men det vil måtte vurderast i same samanhengen som hovudspørsmålet blir vurdert løyst.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Delt på Facebook
Mest kommentert
Siste saker fra Aftenbladet.no
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Politiets Fellesforbund ber etaten lære av 22. juli
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
Kommentarer