• "Det er fullt mogleg å få skogen til å binda 100 gigatonn meir karbon over ein periode frå 2031–2080," skriv Grønås og Kvåle

Klima:

Utslepp må kosta meir

Vitskapleg kunnskap bygd på fysiske naturlover er sikker: Dersom det ikkje straks vert oppnådd store klimakutt, vil dei som kjem etter oss få slita med alvorlege klimaendringar.

Kommentar: I ein vitskapleg artikkel adressert direkte til styresmaktene har den verdsleiande klimaforskaren James Hansen, NASA, saman med andre prominente forskarar innan fleire fagfelt summert opp kunnskapen om klimaendringane. På 26 sider har dei laga ei lettlest oversikt som klårt dokumenterer kva som skal til for å stabilisera klimaendringane.

Tittelen er The case for Yong People and Nature: A Path to a Healthy, Natural, Prosperous Future. Forfattarane syner at det framleis er mogeleg å stabilisera klimaendringane ved ei aukande avgift på fossilt drivstoff. I tillegg kjem tiltak for å binda meir karbondioksid (CO2) i skog. Forfattarane skjerpar åtvaringane til FNs klimapanel IPCC frå 2007, og finn at målet om å stabilisera oppvarminga til to grader er ei oppskrift på katastrofe.

Økonomane finn at ein moderat, men stødig auke i prisen på karbonutslepp vil vera nok til å føra verda mot rein energi.

Togradersmålet for global overflatetemperatur vil føra jorda over i tilstandar som for fem millionar år sidan då havet sto 15 til 25 meter høgare enn no på grunn av mindre innlandsis. Me veit ikkje kor lang tid det kan ta å smelta så mykje is, men ny forsking indikerer at ein god del kan skje innan nokre få hundre år. Sjølv ei global temperaturstiging på ”berre” 0,75 grader frå eit gjennomsnitt for 1951-1980 (eller 0,3 grader over temperaturen rundt år 2000), set livsvilkåra til barneborna våre på spel. Global temperatur vil då vera på same nivå som i dei to varmaste mellomistidene då havet sto fire til seks meter høgare enn i dag.

Å stabilisera klimaendringane krev at innhaldet av CO2 i atmosfæren vert redusert til eit nivå under 350 ppm (milliondelar). I dag er nivået 390 og aukar i gjennomsnitt med om lag 2 ppm i året. Med sikker kunnskap om kva som skjer med utsleppa til atmosfæren, kan ein rekna ut kor store klimakutt som må til, til dømes slik at klimaendringane vert stabiliserte innan dette hundreåret.

Aerosolar frå luftforureining motverkar den aukande drivhuseffekten. Det er venta at slike forureiningar vil reduserast og slik gje ein oppvarmande effekt. Truleg kan dette balanserast ved reduksjon i utslepp av metan og luftforureining som fører til mindre ozon i troposfæren og sot (noko som minkar drivhuseffekten).

Optimal skogrøkt kan snu avskoginga i verda. Det er fullt mogleg å få skogen til å binda 100 Gigatonn meir karbon over ein periode frå 2031 - 2080. Om dette skjer kan ein stabilisera innhaldet av CO2 til under 350 ppm, dersom også dei direkte utsleppa av CO2 vert redusert med 6 prosent i året frå 2012. Om ein ventar med denne reduksjonen til 2020, oppnår ein ikkje stabilisering før i år 2300. Konklusjonen er at ein markant reduksjon i utslepp av CO2 frå no av, kombinert med god skogrøkt, kan løysa klimaproblemet.

Dei store klimakutta som skal til for å stabilisera endringane, krev at det meste av kjeldene for fossilt drivstoff må verta verande att i jorda; bruk av kol må fasast ut, det må koma forbod mot bruk av ukonvensjonelle kjelder som oljesand, me må slutta å leita etter nye kjelder for petroleum, og sjølv noko av dei kjende petroleumskjeldene må stå urørde.

Eit hovudproblem er at dagens pris på fossilt drivstoff ikkje inkluderer kostnader knytt til miljøskade i notid og framtid. I dei fleste land er prisen på fossil energi den billigaste berre fordi han ikkje omfattar helseskade på menneske, naturen og livsvilkåra til dei som kjem etter oss. Berre lokal luftforureining er årsak til nærmare ein million dødsfall i året, og forverrar helsa til langt fleire.

Økonomane finn at ein moderat, men stødig auke i prisen på karbonutslepp vil vera nok til å føra verda mot rein energi. Ein overgang til samfunn med rein energi er ikkje berre fullt ut mogeleg, men gir også god økonomi. Pengane som ein karbonskatt genererer kan dels brukast i eit fond for å sikra ei bærekraftig utvikling i fattige land og kan dels førast attende til folk flest for at dei lettare kan gjennomføra naudsynte klimakutt.

I dei internasjonale klimaforhandlingane er målet at rike land skaffar 100 milliardar dollar årleg for bruk til klimatilpassing og kontroll med utsleppsvekst i utviklingsland. Forskarane hevdar at dersom me samstundes tillet utsleppa å auka eller berre verta marginalt reduserte, kan slik overføring lett berre verta ei moderne form for avlat.

Forskarane peikar på at regjeringane i verda til no ikkje har retta seg etter overtydande vitskapleg dokumentasjon om klimaendringane. Tvert imot, saman med oljeselskap og anna industri med fossilt drivstoff, går dei primært inn for å kartleggja og vinna ut alle kjeldene til fossilt drivstoff før dei for alvor vil satsa på rein energi. Retorikken kan berre karakteriserast som former for grønvasking, for auken i klimautslepp talar høgare enn ord. Regjeringane let oljeselskapa og andre leia ein klimapolitikk som fører mot ei global klimakatastrofe. No gjeld det å snu utviklinga straks, få opp prisen på klimautslepp og gjennomføra naudsynte tiltak for tilskoging. Og det hastar!

Hansen og medarbeidarane hans avsluttar artikkelen slik: Det viktigaste er det moralske – rettferd mellom generasjonane. Om me mislykkast i å reisa oss og krevja ei kursendring, vil skulda liggja hos dagens generasjon av vaksne. Våre foreldre visste ikkje at handlingane deira kunne skada komande generasjonar. Me, dagens generasjon, kan berre lata som om me ikkje veit.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Gunnar Kvåle

Sigbjørn Grønås FOTO: -

Delt på Facebook

Mest kommentert

Siste saker fra Aftenbladet.no