Ja til Preikestolen nasjonalpark
Norge har 36 nasjonalparkar, 29 på fastlandet og sju på Svalbard. Ingen av dei er i Rogaland.
AV: leiar
For friluftsfolk og miljøvernarar i fylket har det lenge vore ein draum å få ein nasjonalpark i fylket vårt. Rett nok har me ein del landskapsvernområde, men vernet er ikkje så strengt her som det vil vera i ein nasjonalpark.
Nå satsar Naturvernforbundet i Rogaland på at Preikestol-området i Lysefjorden skal bli vår første nasjonalpark, og det alt i år. Det kan synast optimistisk, for framlegget skal vidare til Fylkesmannen, Direktoratet for naturforvalting og Miljøverndepartementet. Gir dei grønt lys, blir det full høyringsrunde og behandling i folkevalde organ.
Og den prosessen blir ikkje enkel. Forsand-ordførar Ole Tom Guse (KrF) har alt signalisert motstand. Kommunen ønskjer ikkje fleire restriksjonar på næringsaktivitet og kommersiell utnytting av turistmagneten, som hadde besøk av over 100.000 personar i fjor. Blant anna vil kommunen framleis halda døra på gløtt for ein taubane opp til Preikestolen.
Det er lett å forstå at pressa utkantkommunar ønskjer å utnytta attraktive naturherlegdommar til å skapa arbeidsplassar og inntekter. Storsamfunnet skal vera merksam på at vernetiltak ofte blir møtt med motvilje på bygdene, ikkje minst fordi den økonomiske balansen mellom by og land i Norge har tippa så kraftig over i byane sin favør dei siste åra. Når bygdefolk får beskjed om å bli entreprenørar i staden for å leva på overføringar, kan det verka urimeleg når nasjonale styresmakter samstundes går inn med strengare restriksjonar på naturbruk.
Likevel støttar me framlegget om Preikestolen nasjonalpark. For Norge som nasjon er det viktig å ha ei klar haldning til kva slags turisme og ferdsel i naturen me vil leggja til rette for. Det er all grunn til å venta eit sterkare kommersielt press mot norske naturattrak- sjonar i åra som kjem. Nordkapp er eit skrekkens eksempel. Der må ein nå betala i dyre dommar for å koma ut på platået. Tilsvarande planar finst andre stader i landet.
Det må vera eit mål at dei vakraste naturherlegdommane i Norge framleis skal kunna opplevast fritt og i mest mogleg opphavleg form. Det forhindrar ikkje at dei kan utnyttast av turistnæringa, slik det alt i dag skjer med Preikestolen. Men kan norsk natur forbli ein fristad frå den grelle kommersialismen, trur me at det på lang sikt vil vera eit fortrinn, også for turistnæringa.
I mellomtida rår me naturvernarane og lokalpolitikarane til å setja seg ned og snakka saman. Vern av Preikestolen bør ikkje få utvikla seg til ein kamp mellom by og land.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
FOTO: Tor Inge Jøssang
Delt på Facebook
Mest kommentert
Siste saker fra Aftenbladet.no
- Hytteeierne vil ha større Sandnes-hytter
- Tre personer alvorlig skadd i fallulykke i Verdal
- - Solum Larsen dypt nedbrutt og fortvilet
- 8-åring omkom etter Oltedal-ulykken
- - KrF spares for mange utfordringer
- To personer alvorlig skadd etter ulykke på riksvei 7
- Ipad til tre 15-årige skrivekunstnere
- Selvmordsaksjon i Somalias hovedstad
- Hvorfor vil Merkel redde Sarkozy?
- Nødrakett utløste leteaksjon
- Kuldebølgen er ikke ventet å avta med det første
- Rooney vil ha Redknapp
- Se smakebiter fra årets Gosenrevy
- Kritiske til forelesnings-metoden
- Nå er det influensa-utbrudd
Kommentarer