Kommentar:
Det nye klassesamfunnet
Den norske økonomiske eliten har nå ein like stor del av samfunnskaka som i 1930-åra. Er ringen slutta for sosialdemokratiet?
AV: tom hetland, sjefredaktør
«Historisk gullalder for Norges rikeste,» var tittelen på hovudoppslaget i Morgenbladet sist veke. Avisa hadde intervjua forskaren Rolf Aaberge ved Statistisk sentralbyrå, som har sett på utviklinga for toppinntektene i Norge frå 1876 til 2000.
Her er det verkeleg snakk om dei lange linjer. Men då trer også utviklingstrekka tydeleg fram.
Den økonomiske eliten i Norge stod relativt sterkast omkring 1900. Den rikaste prosenten av folket disponerte då 15 prosent av dei samla inntektene. Så gjekk det nedover i 90 år, til botnen vart nådd i 1989. Då måtte den rikaste hundredelen blant oss nøya seg med om lag 3 prosent av nordmenns totale lønns- og kapitalinntekt. Heller ikkje jappetida midt på 1980-talet stoppa tendensen mot større inntektsutjamning.
Men I 1989, året for Murens fall, snur det altså. Fram til 2000 auka dei rikaste sin del av totalinntekta frå 3 til 8 prosent, og ingen blir vel overraska om deira del av samfunnskaka er endå større i dag.
Uansett, så mykje som 8 prosent har det ikkje vore på 60 år. Den raud-grøne regjeringa styrer med andre ord eit samfunn der overklassen har ein like stor del av rikdommen i Norge som den hadde ved kriseforliket i 1935, avtalen mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet som var innleiinga til den lange sosialdemokratiske epoken i Norge. Ringen er altså slutta.
Og om fordelinga er skeiv på inntektssida, er det tilfelle i endå høgare grad når det gjeld formue.
Då skatteoppgjeret vart lagt fram i 2005, rekna Aftenbladet ut at dei 30 rikaste personane i Rogaland hadde ei samla formue på 37 milliardar kroner. Det var like mykje som nettoformua til 355.000 nordmenn det året, i praksis like mykje som alle andre rogalendingar til saman.
Det er vanskeleg å tru på slike tal. For dei stemmer dårleg med oppfatninga vår av Norge som eit land med uvanleg liten forskjell på rik og fattig. Me lar oss ennå opprøra av dei synlege og skrikande kontrastane me opplever i utlandet. Og ennå er det slik at forskjellane er større i dei fleste andre land. Til samanlikning har den rikaste prosenten i USA 14 prosent av dei samla inntektene.
Men me vil jo ikkje bli som USA, dei fleste av oss. Likevel er det den vegen me går, og det med rekordfart. Og forklaringane anar me også - pengerikdommen frå oljå, ei globalisering som favoriserer frittflytande kapital framfor stadbunden arbeidskraft, leiarlønningar som meir og meir blir frikopla frå lønnsutviklinga elles.
Men likevel - korleis kan det skje utan større protestar?
For det første fordi dei aller fleste av oss har fått det betre. Bølgja som ber fram dei store skutene, løftar også dei mange småbåtane. Ikkje like høgt, men likevel såpass at dei fleste av oss er tilfredse. Sidan 1989 har reallønna for norske arbeidstakarar auka med over 50 prosent. Rikdommen for dei få betyr ikkje fattigdom for dei mange. For kvart år er Norge blitt meir av eit middelklassesamfunn, der store delar av folket er skeptiske til meir omfordeling, fordi dei like gjerne kan tapa på det. Derfor er Jens Stoltenberg livredd for å auka skattane.
Fattigdom er det saktens i det norske samfunnet, og kanskje er han også meir synleg enn før. Men dei fattige er gjerne rusmisbrukarar og utlendingar som det er lett å definera ut av det gode norske selskap.
For det andre trur mange av oss at vegen til suksess ligg open for den som er dyktig nok. Me lever trass alt i Askeladdens land, der det går an å begynna med to tomme hender og vinna halve kongeriket og - om ikkje prinsessa, så i alle fall Celina Midelfart. Kjell Inge Røkke er sjølve prototypen på det moderne Norges «self-made man».
Likevel, Røkke og andre entreprenørar frå folkedjupet har statistikken mot seg. Dei er heller unntaka som stadfester regelen om at overklassen reproduserer seg sjølv.
Dagbladet.no presenterte nyleg ei mastergradsoppgåve i sosiologi av Magne Flemmen, der konklusjonen er at posisjonar i den økonomiske eliten i stor grad går i arv. Det er 11-12 gonger så sannsynleg at barn av den økonomiske overklassen endar i elitesjiktet som at barn frå den ufaglærte arbeidarklassen gjer det. For kvinner er sjansen 38 gonger så stor. Det er altså langt mellom Askeladdane, men endå lengre mellom Askepottene i dagens Norge.
Førstelektor ved Markedshøgskolen, Karl-Fredrik Tangen, kommenterer funna med at det ikkje bare handlar om pengar og favorisering, «men også at du lærer noe nyttig under praten ved kjøkkenbordet - at du har vokst opp blant direktører.»
Men alle som har studert historia til familiebedrifter veit at det kan vera risikabelt å basera seg på innavl i lengda. Alle typar elitar treng utfordring og utlufting for ikkje å stivna og forfalla. Og dess høgare steget opp i overklassen blir, dess vanskelegare blir det å skapa fornying. (Betre blir det ikkje av at skulen heller ikkje jamnar ut forskjellar lenger. Tankevekkande nok måtte det ein Høgre-statsråd til for å få dette faktumet fram i lyset.)
Dessutan, korleis ein snur og vender på det, er stor rikdom på få hender eit demokratisk problem. Som president Franklin D. Roosevelt sa i 1938: «Demokratiet er ikkje trygt dersom folk aksepterer at den private økonomiske makta får veksa til eit punkt der den er sterkare enn den demokratiske staten sjølv.»
Akkurat det er neppe noko akutt problem i den søkkrike staten Norge. Men kva utviklinga av eit meir tydeleg forskjellssamfunn - klassesamfunn, heitte det før - gjer med oss, burde me diskutera meir. Det kan henda at det er viktigare enn både ekteskapslov og utanlandske flagg i 17. mai-toget.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
Delt på Facebook
Mest kommentert
Siste saker fra Aftenbladet.no
- Skei Grande: - Ikke akseptabelt å feste med mindreårige
- Venstre-toppene festet med mindreårige
- Far måtte bære sykt barn hjem
- Øvelse i Møllebukta
- Her blir det verdenscup i BMX
- Venstres fylkesstyre i krisemøte
- Melsvatnet rundt
- Coca-Cola kutter 400-500 arbeidsplasser i Norge
- Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset
- Mann (65) dømt til seks års fengsel for overgrep
- Jærbu til topps i Nutreco
- Første smugtitt på nye Mitsubishi Outlander
- - Ni måneders fengsel for Birkedal
- Norge innfridde ikke miljømål
- Pearce blir England-sjef
Kommentarer