• Løypekjøraren Bjørn Egl Nerheim skifter ham, frå kommunal til privat. Det betyr at dei som brukar løypene må betala for at han skal kunna oppretthalda same standard som i dag.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Slutt på «gratis» skiløyper i Suldal

Skiløypepraksisen i Suldal er i endring, men løypekjøraren blir den same som før. Forskjellen er at Bjørn Egil Nerheim frå neste år blir privat næringsdrivande og ikkje lenger kommunalt tilsett.

Denne saka kan du diskutera direkte frå Facebook-konto din. Skriv kva du meiner under saka!

Det var denne veka Suldal kommune bestemte seg for å gje eksisterande løypekjørar fornya tillit, men då utanfor det kommunale system. Dette betyr at han i større grad blir sin eigen lukkesmed.

Bjørn Egil Nerheim veit ikkje kor mange andre som søkte jobben, men er nøgd med å vera den utvalde.

Han må no oppretta eit eige firma. Også prosjektleiar i Fjellbergskaret Hyttegrend, Jan Merland, skal gå inn i det nye løypekjørarfirmaet.

Skal ikkje tigga

Bjørn Egil Nerheim er litt spent på korleis framtida vil bli, for dersom ingen av dei som bruker heia, vil vera med og betale for oppkjørte løyper, vil han ikkje kunna drifta like mange løyper som i dag. Nerheim trur helst det vil gå godt, og lovar at han ikkje skal gå og tigga etter penger av folk.

Nerheim er også fullt klar over at det trass alt ikkje er tusenvis av hytter i Gullingen/Mosvatnet-området. Inntektsgrunnlaget er difor ikkje veldig stort. Det er i dag mellom 300 og 350 hytter i området.

Han veit at meldinga om betaling har vekt litt ulike reaksjonar blant hyttefolka, men forsikrar at han vil behandla alle like venleg, anten dei betalar eller ikkje.

- Eg er ikkje i posisjon til å krevja noko betaling. Eit slikt initiativ må i tilfelle komma frå hytteutbyggarane eller dei ulike hytteforeiningane, påpeiker han.

- Skal få støtte

Jan Merland reknar med at betalingsviljen blant hytteeigarane i Fjellbergskaret er stor, og kan lova at Nerheim vil få pengestøtte, sjølv om det enno ikkje er heilt avklart i kva form.

Heilt på bar bakke vil ikkje Bjørn Egil Nerheim stå dei første åra. Det første året vil kommunen gje han eit tilskot på ein million kroner, året etter får han 800.000 kroner, deretter blir tilskotet på 400.000 kroner. Resten må han skaffa sjølv.

Dei store tilskota dei første åra er hovudsakleg øyremerka innkjøp av ein flunke ny løypemaskin, for kommunen har bestemt at Nerheim skal ha to maskinar til rådvelde. Dermed må han også tilsetja folk.

Plenty påskesnø

Bjørn Egil Nerheim seier at ut denne sesongen er han framleis kommunalt tilsett. Nå ser han fram til å klargjera påskefjellet for turistane.

Snø skal det vera nok av, og når vêrmeldingane spår kaldare vêr framover, vil snøsmeltinga stoppa opp, påpeiker Nerheim, som fortel at det framleis ligg rundt ein meter snø mange stader.

Ein påskeyr Jan Nilsen ved Gullingen turistsenter melder gledesstrålande om snø og kuldegrader og mange fine solskinsdagar, og kryssar fingrane for at meldingane stemmer, slik at solkremen må fram.

Også skitrekket har framleis godt med snø og ingen bare flekker, melder Nilsen.

Vegane opp til heia er snøfrie. Elvane er opne, så dei som vel turski, får beskjed om å trø varsamt.

Isen på vatna er også utrygg.

Les også