FOTO: Teikning: Hilde Thomsen
Sosiale medium lokkar oss inn i ein informasjonssilo der me ikkje ser "dei andre" med feil meiningar.
AV: tom hetland, kommentator
Som skribent lærer du etter kvart kva slags respons du kan venta på kommentarane dine.
Er temaet kontroversielt og standpunktet skarpt, kjem det kanskje eit lesarbrev eller to til papiravisa. Sjansen er stor for at dei som skriv, er usamde med deg, sjølv om det også er dei som tek deg i forsvar.
Slik er det også på nettet. Men der kjem reaksjonane raskare, og er gjerne meir grovkorna.
På Facebook er du blant venner. Bokstavleg talt.
Det siste året har eg dessutan regelmessig lagt ut kommentarane på Facebook, til dels også på Twitter. Det er ei hyggeleg oppleving. Eg kan lena meg tilbake og notera kor mange tomlar som peikar oppover og kor mange som deler artikkelen fordi dei synest han er god eller interessant. Det kjem sjeldan eit skeivt ord. På Facebook er du blant venner. Bokstavleg talt. Slikt løfter humøret og styrkjer sjølvtilliten.
Men kva gjer det med den politiske kulturen?
Frå det republikanske primærvalet i Sør-Carolina skriv Marc Fisher i Washington Post om korleis sosiale medium endrar dei politiske prosessane i USA.
Fisher fortel om Dianne Belsom, ein kristen, konservativ Tea Party-tilhengar som bur i småbyen Laurens. For nokre år sidan begynte ho dagen med å lesa avisa. Der stod det ting ho likte og ting ho ikkje likte.
I dag har ho ikkje lenger lokalavisa, men Facebook attåt morgonkaffien. I løpet av natta har det kome kanskje 100 nye meldingar frå dei 460 vennene hennar. Mange av dei anbefaler politiske artiklar og kommentarar. Nesten alle er i tråd med Diannes grunnhaldningar: "Eg håpar eg ikkje har for mykje tunnelsyn. Men det er mi ærlege meining at president Obama hatar dette landet."
Dianne og dei konservative vennene hennar er ikkje aleine. I Greenville, seks mil unna, møter Fisher James Akers jr., demokrat og Twitter-entusiast. Vennene hans seier at dei ikkje treng CNN lenger. Twitter-meldingane frå James gjer nytta. Og dei formidlar eit heilt anna og liberalt verdsbilde. "Det gjer meg verkeleg sint når folk kjem med direkte løgner, som at Obama er muslim," seier han.
Det politiske sentrum som Obama trudde han skulle appellera til, er borte.
Belsom og Akers er ikkje utypiske. Det har aldri vore meir politisk analyse og kommentarstoff tilgjengeleg, men stadig fleire amerikanarar stenger seg inne i "informasjonssiloar" eller "politiske ekkokammer" der dei bare ser og høyrer det dei er samde i frå før. Republikanarar og demokratar har ikkje bare ulike verdiar og meiningar, også faktagrunnlaget er meir og meir forskjellig.
Polariseringa pregar også dei tradisjonelle media. Den konservative tv-kanalen Fox News gir eit heilt anna verdsbilde enn CNN eller NBC. Den felles nyhetsarenaen forvitrar, og den som forvillar seg inn på ein "feil" kanal vil fort oppfatta programma som "ubalanserte".
President Obama trudde han skulle byggja bru over denne kløfta. Som det går fram av den glimrande artikkelen "The Obama Memos" av Ryan Lizza i The New Yorker, har dette vore presidentens største strategiske feilvurdering. Det politiske sentrum som Obama trudde han skulle appellera til, er borte.
USA er USA. Men dei same mekanismane er i sving her hos oss òg.
Eg var på hytta utan fjernsyn då Spellemanns-showet gjekk på NRK. Men eg var inne på Facebook via ipaden då det brått braut laus ein storm av skjellsord mot artistar eg aldri hadde høyrt om før. I løpet av ein halvtimes tid var det etablert ei felles oppfatning blant mine Facebook-venner at Plumbo var eit rasistisk møkkaband.
Også intellektuelle sauer går i flokk.
Som kjent kom dagen derpå med meir edruelege oppfatningar, men fråveret av motinnlegg der og då var tankevekkjande. Også intellektuelle sauer går i flokk.
Nå er dette eit nokså uskyldig eksempel. I motsett ende viste 22. juli kor ille det kan gå når ekstremistar søkjer saman på nett for å dyrka sitt spesielle verdsbilde utan motstand og motførestillingar. Og debatten om det fleirkulturelle er kanskje det beste eksemplet på ei sak der me også her i landet fører to parallelle ordskifte med liten gjensidig kontakt.
Bloggaren Bjørn Stærk oppsummerer det slik i ein artikkel i Samtiden: "En respektabel, men til dels virkelighetsfjern mediedebatt. Og en debatt på nettet hvor man våget å snakke om alt, men til dels lot seg rive med av forenklinger og paranoia." Me kan vel neppe påstå at det er blitt meir kommunikasjon mellom siloane etter 22. juli heller.
Moderne media har i teorien gitt oss tilgang til eit vidare spekter av informasjon og meiningar enn nokon gong før. I praksis ser det derimot ut til at me blir meir og meir nærsynte.
Kanskje ser me nå konturane av den gamle partipressa i ny, elektronisk variant.
Dei store aktørane hjelper oss til det. Facebook foreslår nye venner som liknar dei du har frå før. Har du kjøpt ei bok eller to på Amazon, får du snart tilbod om fleire med same tema og vinkling. Google fangar deg inn med ein stadig meir avansert personleg profil.
Alt saman er sikkert bra for business. Men ikkje nødvendigvis for politikken og den offentlege samtalen.
Likevel er det noko kjent med dette. Kanskje ser me nå konturane av den gamle partipressa i ny, elektronisk variant. Perioden der dei store mediekanalane representerer ein felles nasjonal dagsorden og debattarena begynte eigentleg ikkje før på 1960-talet, og ingen kan utelukka at det blir ein historisk parentes.
Slik går vegen inn i framtida eigentleg tilbake.
Kommentarer