• Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn vil ha ein betre miljøpolitikk og ein meir anstendig innvandringspolitikk i samarbeid med Frp. Kva er det som skjer i sentrumspartia?

Er sentrum klar for Frp nå?

I Venstre og KrF aukar lysta på ei firepartiregjering. Maktpolitikken har sin eigen logikk.

KOMMENTAR: Det har kome ny fart i arbeidet med å stabla på beina eit breitt borgarleg samarbeid før valet i 2013. Landsmøtet i Unge Venstre vedtok sist helg å opna for eit regjeringssamarbeid som også kan inkludera Framstegspartiet.

Rett nok presiserte ungdomspartiet at ei framtidig borgarleg regjering må føra ein meir ambisiøs miljøpolitikk, ein anstendig innvandringspolitikk og ein ansvarleg økonomisk politikk. Betyr det at Frp-statsrådane skal vera på ferie mesteparten av tida, spurde Dagens Næringslivs kommentator Kjetil Wiedswang. Realismen kan ein nok etterlysa, men viljen er der.

Om det er noko Frp-arar hatar, så er det å bli tatt for gitt og bli tildelt rolla som umælande stemmekveg.

Det rører på seg i Kristeleg Folkeparti òg. Denne veka har tidlegare nestleiar Dagrun Eriksen, ein typisk sentrumsorientert KrF-ar, flagga at ho er open for å ta Frp inn i varmen. Det synest å vera brei støtte for dette synet i Eriksens landsdel Sørlandet, der KrF og Frp samarbeider i fylkestinget i Vest-Agder og i bystyret i Kristlansand.

Liknar Frp-fløy før Bolkesjø

Står me dermed på terskelen til eit definitivt linjeskifte i dei to sentrumspartia, som tidlegare har vore klare på at dei ikkje kan sitja i regjering saman med Siv Jensen & Co?

Det er for tidleg å seia, men i alle fall i Venstre ser prosessen ut til å ha kome langt i den retning. Det kan verka overraskande for dei som oppfattar Venstre som eit radikalt, grønt parti som appellerer til mange av dei same veljarane som SV. Men spesielt i ungdomspartiet og i storbyane har Venstre blitt blåare dei siste åra. Unge Venstre er i dag dominert av ein ideologi som minner mykje om den liberalistiske fløya i Frp som Carl I. Hagen nedkjempa midt på 1990-talet. Venstre er dessutan det partiet som skifter ut flest veljarar frå val til val, og det er ikkje usannsynleg at ein stor del av det som for tida er Venstre-grasrota er komfortabel med den borgarlege kursen.

I KrF har Knut Arild Hareide forsøkt å halda ei open dør både mot høgre og venstre. Partiet skal seia frå kor det står i god tid før valet i 2013, men først etter ein grundig intern debatt.

Det vil likevel overraska stort om KrF skulle seia ja til dei mange frieria som etter kvart har kome frå Arbeidarpartiet. Sjølv om Hareide kanskje kunne tenkt seg det, og sjølv om det er mange tilknytingspunkt i praktisk politikk mellom KrF og sosialdemokratiet, er det framleis dei såkalla hjartesakene som tel mest for den jamne KrF-veljaren. Det ligg djupt i KrF-sjela at Ap eigentleg ikkje vil kristen-Norge vel. Og trass i alle verbale tilnærmingar til KrF klarer dei raud-grøne støtt og stadig å forsyna skeptikarane med nye argument for at avstanden er uoverstigeleg, nå sist med forslaget om å fjerna kontantstøtta for toåringar og den lunkne haldninga til frivillige institusjonar i statsbudsjettet.

Byggja motmakt

For den som ser det heile utanfrå, er det likevel ikkje nye politiske standpunkt eller store ideologiske kursendringar som er årsaka til at samarbeidsdiskusjonen er komen inn i ein meir dynamisk fase. Det er den maktpolitiske logikken som nå driv diskusjonen fram.

Det ligg i politikkens vesen – og i demokratiet – at det må byggjast motmakt mot makta. Dess lenger ei regjering sit, dess viktigare blir det å skapa eit alternativ. Frustrasjon over to tiårs ørkenvandring i opposisjon, kombinert med styringsslitasje og maktarroganse i Ap, la grunnen for det første borgarlege firepartisamarbeidet på 1960-talet. Koalisjonen sprakk på EF-saka i 1971, men i seks år var viljen til å utgjera eit styringsdyktig alternativ sterk nok til å byggja bru over store politiske motsetningar.

Me ser det endå tydelegare i kommunane, der dei merkelegaste alliansar kan bli danna for å gi eit langvarig regime avløysing. Det er nok å visa til Ap/Frp-samarbeidet som skvisa ut Høgre i Sandnes.

I alle borgarlege parti er det også eit sterkt ønske om å unngå ein reprise av marerittet i 2009, då store delar av valkampen handla om kven dei ulike partia kunne og ikkje kunne samarbeida med. At Høgre, som sa ja både til sentrum og Frp, vart den store vinnaren, har nok også dei fleste merka seg.

Frp er mindre

Den viktigaste nye faktoren i dette spelet er likevel at Frp er blitt mindre. Etter valnederlaget i september er Frp ikkje stort større enn KrF og Venstre til saman. Frp kan dermed ikkje føra fram politiske krav med same styrke som før. At den moderate og respekterte Ketil Solvik-Olsen frå Bryne nå er blitt Frp sin fremste finanspolitikar kan vera eit signal om at Frp i sterkare grad enn før ønskjer å medverka til å byggja opp ei felles politisk plattform på borgarleg side.

Men Venstre og KrF, og for den saks skuld Høgre, skal passa seg for å tøya strikken for langt. Om det er noko Frp-arar hatar, så er det å bli tatt for gitt og bli tildelt rolla som umælande stemmekveg. Og dei har eit poeng: Eit parti som skal gi bidrag til ei regjering, enten som deltakar eller som støtteparti, må kunna forventa å få noko igjen for det.

Å bli eit ansvarleg regjeringsparti vil vera minst like smertefullt og vanskeleg for Frp som det har vore for SV. Partiet må gi avkall på mykje av den populismen som har gitt Frp masseoppslutning. Retorikken om innvandring, klimaendringar og oljepengebruk mot alle skavankar i «verdas rikaste land» må dempast. Det er nesten som å forlanga at tigeren skal kvitta seg med stripene. Men blir lengten etter regjeringskontora sterk nok, kan ein jo fort narra seg sjølv til å tru at alle tigrar eigentleg er grå.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Kommentar

Symbolpolitikk eller handling?

NHO-sjefen Hallvard Ween siterte den britiske statsmannen og krigeren Sir Winston Churchill. Tom Hetland siterte Jærens egen Arne Garborg.

Netanyahus nye politiske makt

Mens sittende makthavere over hele verden strever med å holde stillingen, er det én som klarer seg godt.

Inn i den syndige verda

Vi er i ei revolusjonær tid, og det religionspolitiske landskapet i Midtausten endrar seg i stor fart.

Om perfekte stormer og sorte svaner

Vi fokuserer for mye på de kjente tingene, og overser "de sorte svanene". Det er meget alvorlig.

Til ungdommen, du liksom

AUF er Arbeiderpartiets juvel. Jonas Gahr Støre har selv sagt det fra Stortingets talerstol: ”AUF er vår juvel”. Juveler er, som man vet, mest til pynt.

Relaterte bilder

Tom Hetland er sjefredaktør i Aftenbladet. FOTO: Fredrik Refvem

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest