FOTO: Odd Pihlstrøm
Rogaland står i spenning mellom vekst og vern. Det betyr skarpare konfliktar i tida framover.
AV: tom hetland
KOMMENTAR: "Få vekk bøndene på Ullandhaug!" var appellen frå leverandørindustriens fremste mann, Ståle Kyllingstad, på Sola-møtet denne veka. Avstanden var stor til universitetsmannen Erik Fossåskaret, som i den meir lågmælte middagstalen om kvelden, minte forsamlinga om diktaren Goethes ord: "Den som ikkje kan gjera opp rekneskapet sitt over 3000 år, lever frå hand til munn."
Om eit inntrykk sit igjen etter årets Sola-møte, så er det at Rogaland meir enn nokon gong står i skjeringspunktet mellom det kortsiktige og det langsiktige, mellom vekst og vern, og at konfliktane langs desse aksane er i ferd med å bli meir akutte og intense.
Eigentleg snakkar me om spenninga mellom to ulike økonomiske mentalitetar som alltid har eksistert side om side i fylket vårt.
Blir "bonden" i oss for dominerande, kan me bli for tunge, trege og konservative, og samfunnet stagnerer. Får "fiskaren" overtaket, blir me kortsiktige og grådige spekulantar.
Bonden tenkjer i generasjonar, han har lært at det er samanheng mellom det han sår og det han haustar, og at det er "jabnå så dræge", som dei seier på Jæren.
Fiskaren, derimot, veit at silda som er i fjorden i dag, kan vera borte i morgon. Han må vera på hogget, snu seg raskt rundt og gripa sjansane.
Ei sunn økonomisk utvikling krev innslag av begge desse mentalitetane. Blir "bonden" i oss for dominerande, kan me bli for tunge, trege og konservative, og samfunnet stagnerer. Får "fiskaren" overtaket, blir me kortsiktige og grådige spekulantar.
I norsk oljepolitikk har me hatt den same dragkampen mellom "bonden" og "fiskaren". Ved inngangen til oljealderen på 1970-talet var det stor semje om at oljeressursane skulle utnyttast kontrollert og i moderat tempo. Norge hadde fått hand om ein fleire hundre millionar år gammal ikkje-fornybar ressurs som skulle tappast ut i løpet av to-tre generasjonar – som eit kvarter av eit menneskeliv.
I dag ser me endå tydelegare det som ein ana konturane av på 1970-talet: I løpet av dette "kvarteret" er avkastninga frå olja så enorm at den utkonkurrerer all annan næringsaktivitet, sjølv om dei fornybare ressursane frå jord og hav vil gi oss meir igjen på lang sikt.
Men, som økonomen John Maynard Keynes sa, på lang sikt er me alle døde. Få menneske har eit perspektiv ut over si eiga levetid. Tvert om ser det ut til at me blir stadig meir kortsiktige, med blikket retta mot neste avdrag, kvartalsrapport eller meiningsmåling.
Dermed vinn "fiskaren" i oss fram. Målet om langsiktig styring av oljeutvinningstempoet har gradvis forsvunne frå dagsordenen, og i dag er det stort sett bare idealistiske ungdomspolitikarar, biskopar og avgåtte statsministrar som av og til minner om det.
I Rogaland har dette lenge vore ein død debatt. Ein ting er at det viser seg praktisk vanskeleg å halda igjen når selskapa først har investert store summar i leiting. Teknologiske framsteg og nye funn gir også håp om at oljealderen kan vara lenger enn ein trudde. Men den viktigaste grunnen er at det vil vera politisk sjølvmord å bremsa utviklinga av ei næring som stadig fleire av oss blir avhengige av.
For ti år sidan var dei årlege oljeinvesteringane på rundt 50 milliardar kroner. Nå er dei på 180 milliardar. Å gå tilbake til 2007-nivået på vel 100 milliardar ville straks utløyst full krisealarm, ikkje minst i den lokale leverandørindustrien. Tusenvis av arbeidsplassar ville ha kome i fare. Stadig større delar av næringslivet har innretta seg på eit høgt og stadig aukande aktivitetsnivå i oljå.
Alle felt som kan opnast, vil før eller seinare bli opna. Slik er oljeøkonomiens logikk.
Derfor er det få spådommar eg er sikrare på enn at dei gjenverande olje- og gassressursane vil bli utvunne så raskt som industrien kan få det til, ut frå økonomiske interesser og teknologisk kapasitet. Klimaomsyn vil bety lite og ingenting i praktisk politikk, og striden om Lofoten-Vesterålen vil bare bli ein historisk parentes. Alle felt som kan opnast, vil før eller seinare bli opna. Slik er oljeøkonomiens logikk.
Rogaland vil, så langt fram me kan sjå, vera prega av ei dominerande oljenæring med uslåeleg lønnsevne, konkurranseutsett industri som slit stadig tyngre og ein offentleg sektor som kavar med å skaffa fagfolk og halda tritt med forventningane blant folk. Ein kan sukka over problema dette fører med seg, som dyre bustader og større forskjellar, men verken nasjonalt eller lokalt er det politisk vilje til å gjera noko som kan endra bildet. Tvert om er det sannsynleg at tendensane bare vil forsterka seg.
Då står det att to spørsmål:
Kor mykje skal me ofra av varige verdiar i den avgrensa historiske epoken som oljealderen trass alt er? Då snakkar me om jord og natur, men også kanskje om litt meir diffuse kvalitetar som mange føler er trua av oljerikdommen, ikkje minst den nøysame arbeidskulturen som har prega oss her i fylket.
Det begynner å bli eit mønster at staten har rolla som den som vernar og held igjen, mens lokalpolitikarane tordnar mot byråkratiet og heiar på vekst og utbygging.
Og det andre spørsmålet: Kor mykje kan me byggja opp av varige verdiar ved hjelp av dei svære økonomiske musklane som oljeinntektene gir oss? Dette er eit kjekkare spørsmål for politikarane å få, og aldri har så mange milliardprosjekt stått i kø. Men dermed veks også forventningane raskare enn ressursane.
Her blir det konfliktar. Fleire og sterkare enn før. Og det begynner å bli eit mønster at staten har rolla som den som vernar og held igjen, mens lokalpolitikarane tordnar mot byråkratiet og heiar på vekst og utbygging. Til ein viss grad er dette naturleg. Men fylke og kommunar som har ambisjonar om større lokal makt, må også finna seg i at dei må gjera vanskelege val og vega mellom interesser. Det er for enkelt bare å ropa tut og kjør.
Tom Hetland, kommentator
Kommentarer