FOTO: Jonas Haarr Friestad
Nynorsken har det snart ikkje betre i Noreg enn svensken i Finland. Men medan svensken trivst i Sverige, har nynorsken ikkje noko anna territorium der han kan bløma.
Kommentar: Det ser med andre ord mørkt ut for Aasen-målet, så mørkt at me kan spørja om det er liv laga. For å freista å sjå saka frå ein ny vinkel, vil eg nytta ei skolastisk form for drøfting, etter føredøme av den store mellomalderteologen Thomas Aquinas, og spørja: Har nynorsken noka framtid?
Det synest som om nynorsken ikkje har noka framtid, og det av fylgjande grunnar:
Mot dette talar ordet i Esters bok 1,22: "Han sende brev til alle landi som låg under hans velde – til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala – at kvar mann skulde vera herre i huset sitt og tala målet åt folket sitt."
Det vert eit friskt drag over eit språk der kvar setning så å seia må lagast frå botnen av.
Eg svarar og seier at Noreg av historiske, målgeografiske og kulturelle grunnar er eit tospråkleg land, med like rettar for begge mål. Også juridisk er dei to norske måla jamstelte. Ingen majoritet kan i eit demokrati ta frå ein minoritet retten til eigen identitet, og språket er noko av det djupaste i identiteten vår. Det skjøna kong Ahasverus då han skreiv til "dei som låg under hans velde", medan styresmaktene her til lands meir og meir tykkjest gje etter for presset frå eit populistisk fleirtal som ynskjer nynorsken dit peparen gror. Dette er heilt i strid med utviklinga i den europeiske unionen, der minoritetsspråka i mange land opplever ein renessanse, som t.d. katalansk og baskisk i Spania.
Til 1. kan det ut frå det som er sagt ovanfor, svarast at talet på målbrukarar ikkje er noko argument i eit demokrati. Dessutan er det på alle språk slik at dei fleste aldri lærer å skriva så godt at dei kan koma til uttrykk offentleg. Det er eit faktum i alle land at det er eit mindretal som meistrar skriftspråket. Når nynorsk, rekna i prosent i høve til talet på målbrukarar, har så mange fleire gode forfattarar og skribentar enn bokmål, kan ikkje det ha annan grunn enn at det er dei kulturelt medvetne som vågar å gå mot straumen, og halda fast på eit minoritetsspråk. Dei breie lag legg seg flate for fleirtalet, men eliten held på sitt. Om nynorskforeldre gjekk saman med krav om nynorskklassar i dei store byane – noko dei har rett til! – ville det ha vorte eliteklassar. Nynorsk vil meir og meir verta eit språk for folk som skjønar og vil halda oppe den rike litterære arven og nasjonale kulturen som er knytt til dette språket, det vil seia for ein intellektuell elite. Men så lenge ein Edvard Hoem eller ei Åse Marie Nesse set om Shakespeare og Goethe betre enn André Bjerke, vil også bokmålsfolk lesa nynorsk. Og sjølv i dei breie lag vil folk lytta til ordkunstnarar som Ivar Eskeland og Are Kalvø. Framtida for nynorsken ligg ikkje i talet på brukarar, men i kvaliteten på det som vert sagt og skrive på målet. Framtida for nynorsken ligg ikkje i talet på brukarar, men i kvaliteten på det som vert sagt og skrive på målet.
Til 2. kan det svarast at media og reklame er styrt av marknadskreftene, der økonomisk profitt er målet, og då seier det seg sjølv at det løner seg lite å nytta eit språk som har få brukarar og skapar motvilje hjå mange. Nynorsken vil med andre ord måtta leva med at det er lite å gjera med dette. Samstundes vert språket i ei slik stode mindre skjemd av klisjear. 3. Det er forståeleg at det store fleirtalet av skuleungdom, der svært mange ikkje eingong lærer å skriva hovudmålet, er utan motivasjon for å uttrykkja seg på nynorsk. Difor lærer dei fleste det heller aldri. Det må heller ikkje gløymast at medan det gamle gymnaset var for eit utvald mindretal av årskullet, er den såkalla vidaregåande skulen for alle. Nivået vert sjølvsagt deretter, trass i all offisiell retorikk om "kvalitetsreformer". Når det så gjeld dei unge som har nynorsk som hovudmål, vil dei ofte tykkja det er lettare å skriva bokmål, sidan dei då lett kan fylla sidene med fiks ferdige formlar og flosklar frå popkulturen og medieverda. Sidemålsundervisninga fører med andre ord til eit hat mot nynorsken hjå dei som skriv bokmål, og til eit fråfall frå nynorsken hjå dei som har språket som hovudmål. Ut frå det som er sagt ovanfor om språk og identitet, vil det difor vera ei føremon om elevane berre lærer å skriva hovudmålet, og vert kjende med sidemålet gjennom å lesa litteratur. Det vil dei få mykje betre tid til når dei slepp å terpa grammatikk og rettskriving på eit språk dei fleste korkje har lyst eller evne til å læra.
Kommentarer