• Plumbos MGP-bidrag fekk terningkast to av Dagbladets musikkmeldar. Det gav folket blaffen i – og sendte "Ola Nordmann" rett til finalen.

På tide å byta ut folket

Når Ola Nordmann sender ein avløpsopnar til finalen i Melodi Grand Prix og SV til sperregrensa er det vel på tide å byta ut folket?


Jan Zahl

Kommentar: Me er inne i den årlege oppvisinga av dårleg smak. Siste delfinale i den nasjonale delen av kitsch-maratonen Melodi Grand Prix blir overført frå Florø idrettssenter laurdag. Nye artistar me ikkje ante var artistar – Tooji? Silya Nymoen? Håvard Lothe Band? – skal stå fram på nasjonalt fargefjernsyn, tungt promotert av sjølvaste NRK. Surt skal konkurrera mot søtt, Eurodisco og White Trash Dance skal konkurrera mot vare balladar og nordnorsk, eple skal i skarp duell mot kanelboller og fløtemysost. Så rullar MGP-sirkuset inn i Oslo spektrum til nasjonal finale helga etter. Blir det Plumbo? Blir det Malin? Blir det ein ny Rybak? Aiaiai, så spennande det er!

Deretter kjem nokre månader med snøsmelting, blomstring og nasjonal opplading og oppgaldring frå NRK og delar av norske media. Målet er at Norge innan slutten av mai skal samla seg om at vår låt og artist er best/mest sympatisk/humørfylt og flott. Når me er klare, skal denne artisten delta i ei oppvising i endå dårlegare smak – og feige konspirasjonar – når aust-europearane rottar seg saman mot vår knallåt og stemmer fram bisarre bidrag frå pussige land som Kviterussland, Ukraina og Moldova. I Baku. Hovudstaden i eit land som stort sett består av konsonantar.

Nye artistar me ikkje ante var artistar skal stå fram på norsk fargefjernsyn

Kva i all verda har dette med SV å gjera?

Imens, ein heilt annan stad. Eller "stad". Laurdag skreiv forfattar, bokmeldar og kommentator Vidar Kvalshaug i Aftenposten at Twitter er det stikk motsette av eliteprosjektet media og dei såkalla ekspertane på sosiale media har utropt det til. Kvalshaug ser Twitter som eit ope og demokratisk verktøy. Rett nok må folk ha noko å melda om det skal bli ein interessant stad. Men Twitter er altså ikkje ein stad for koseprat, sending av digitale hjarte eller bamsar – slik massefenomenet Facebook har blitt for mange.

Lenka til innlegget på Kvalshaugs eiga Facebook-side gav sju "likes", men ingen debattinnlegg (Kvalshaug har 2169 "venner" på Facebook). På demokratiske/elitens (alt etter korleis ein ser det) Twitter (Kvalshaug hadde tysdag 5161 followers), derimot, kunne Kvalshaug 36 timar seinare konstatera at Twitter elskar å diskutera Twitter.

(I tillegg elskar eliten på Twitter å ta avstand frå at dei/me utgjer eliten. Ingen definerer seg sjølv som "eliten" i Norge. I alle fall ikkje offentleg.)

Journalistane i NRK les både Aftenposten og er på Twitter. Dermed blei det sjølvsagt debatt om Kvalshaugs innlegg. På P2. P2 kjenner jo sitt publikum.

Nå spør du deg kanskje kva dette har med Plumbo å gjera.

Noko av det mest interessante ved Magnus E. Marsdals bok "Frp-koden" (2008), er analysen av korleis eliten i Ap har fjerna seg frå folket, og at det tydeleg kjem til syne når det gjeld kulturell smak. Marsdals prosjekt er å forklara kvifor Frp har gjort det så godt blant "folk flest", mens venstresida han sjølv sympatiserer med har gjort det tilsvarande dårleg. Denne hausten gjer altså SV det ekstra katastrofalt dårleg, der dei ligg og vakar rett over og rett under sperregrensa.

Det ironiske med SV, er at partiet ifølgje seg sjølv nettopp skal representera "folk flest", grasrota, den vesle/vanlege mann og dame. Men kjærleiken og omsorga for desse lett romantiserte "vanlege" menneska har altså ikkje blitt gjengjeldt frå folket sjølv, som dei siste tiåra i staden har flokka seg om Frp. I 2000 toppa det seg for dåverande ansvarleg redaktør for Dagsavisen, Steinar Hansson. Meiningsmålingane viste 39 prosent oppslutning om Frp i dei tre nordlegaste fylka. Dette fekk Hansson til å skriva at me burde få byta ut folket ved neste val, for det folket me hadde var for pinleg å skilta med.

Her ligg Marsdals poeng: Journalistar, kommentatorar, akademikarar og toppfolk av ymse slag som dominerer den offentlege samtalen, enten han går føre seg på Twitter eller i meir konvensjonelle media, har tilsynelatande bare forakt til overs for folk som stemmer Frp eller Plumbo – for folk som har dårleg smak. Mange av dei "vanlege" Marsdal møter på amcar-treff, i Aurskog eller i Torrevieja oppfattar det i alle fall sånn. Og sidan nordmenn er trassige folk, blir ein heilt naturleg reaksjon på å få beskjed om at du har "feil" smak av diverse smaksdommarar, at du i alle fall gjer det som er "feil". Ola Nordmann gir blaffen i om Dagbladet gir Plumbos bidrag til MGP terningkast to – og svarer i staden med å gi dei musikalske avløpsopnarane flest stemmer. På same måte som diverse medieoppslag som "avslører" Frp opp gjennom åra ikkje har fått folk til å flokka seg om SV, men om Frp. Og folket til å seia nei til EU, sjølv om nesten alle aviskommentatorar og eliten sa ja.

Dermed nærmar eg meg eit visst poeng: Twitterkratiets unisone nedsabling av Plumbos mokkamann-kommentar, smaksdommarane si nedsabling av MGP – og SVs katastrofale oppslutning – demonstrerer framfor alt avstanden mellom dei som prøver å fortolka og representera "folk flest" og dei faktiske folk flest. Det viser den manglande kontakten mellom dei som kommenterer og dei som blir kommentert.

Dermed står me att med to alternativ: Byta ut oss som kommenterer og liksom skal vita best. Eller byta ut folket.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kommentar

Sluttkamp om Breiviks sinn

Ungdommar fortel om ein roleg, kontrollert massemordar. Er han likevel for galen til å straffast?

First we leave Manhattan, then we leave Berlin...

EU er i sin dypeste krise. Midt i dramaet står Tyskland, og nå legger Aftenposten ned kontoret sitt i Berlin.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Brenn det? Hiv på bensin!

Stavanger kommunes kampanje mot ikkje godkjende leilegheiter er omtrent like bustadpolitisk verknadsfullt som å prøva å sløkka brannar med bensin.

Museumsvoktere i russedress

Når Fremskrittspartiet fremmer sine hjertesaker, blir de nedstemt. Men bør det alltid være slik?

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest