• "Sjølv eit arbeid som samfunnet rangerer som lågstatus, vert i praksis ofte prioritert høgare enn lekser og skulearbeid," skriv Sofie Braut.

    FOTO: Fredrik Refvem

Liv og levebrød

Rema 1000-koden

Kvifor er det slik at eleven Lise ikkje orkar, men kassadama Lise skvett på jobb berre butikksjefen hennar skiftar sitjestilling?

KOMMENTAR: Ein variant av det følgjande finn stad på ein vidaregåande nær deg: Lise, 17 år, skuletrøtt og litt meir enn vanleg sliten, bed læraren om utsetjing på prøven og innleveringa som står for døra. «Det er litt mykje om dagen», seier ho. Eller kanskje ho ikkje seier det. Kanskje ho berre let vera å møta opp. Så får ein heller ta det etterpå. Læraren ordnar nok noko. Læraren har faktisk å ordna noko for den som ikkje møter til prøve. I opplæringslova heiter det at læraren «må strekkja seg langt for å skaffa seg grunnlag for vurdering av elevane». Langt, og gjerne lenger enn langt.

Mange deler synet om at skulen slit med statusunderskot.

Det er mange krav om tilpassing og tillemping i skulen. Lærarar opplever bestillingar frå elevar (og foreldre) som er slitne, frå legar og psykologar som gjev råd og skriv erklæringar, og prøver å leggja til rette ut frå observasjonar om elevens skulekvardag og arbeidsbør. Ingen er vel usamde i at ungdomar i dag opplever mykje press frå ulikt hald.

Mange av elevane i vidaregåande har også ein gryande forbrukarøkonomi, og har funne seg ein jobb som både skal forskjønna CV-en og dekka dagens behov. Det er mange grunnar til å vera positiv til at ungdom tek seg arbeid. I deltidsjobben lærer ungdomen verdiar og haldningar som dominerer i vaksenlivet. Arbeidet er ein læringsarena i vid forstand.

Samstundes skaper deltidsarbeid meir press på ein annan av ungdommens mange arenaer. Skulen, har dei fleste unge blitt fortalt, er det lurt å satsa på. Skulen, om ein ikkje kjenner den umiddelbare nytteverdien hoppa i fjeset på ein i klasseromsdøra eller kravla ut av pc-skjermen midt i tredje time, gjev nøklar til dører ein gjerne vil opna. Papira og karakterane som stavar ut aktuelle framtidsvegar, er det framleis skulen som administrerer ut til dei unge. Her samlar det seg mykje makt og ansvar. Og, skulle ein tru, med slik makt og ansvar følgjer det vel både prestisje og posisjon? I Noreg er det av ulike grunnar ikkje slik. Skule og lærarstand slit med prestisje og status i samfunnet vårt. Ein snakkar om lønsvilkår, manglande grep for å gjera det attraktivt å vera lærar, skjemavelde og overstyring. Kva no ein vel å trekkja fram som hovudforklaring; mange deler synet om at skulen slit med statusunderskot.

Kort oppsummert: Sjølv eit arbeid som samfunnet rangerer som lågstatus vert i praksis ofte prioritert høgare enn lekser og skulearbeid blant elevar. Eg kan gjerne poengtera at mange elevar i dag også er svært dyktige på, og medvitne om, å setja grenser når det gjeld kvelds- og helgejobbing. Likevel vil dei aller færraste vurdera å skulka arbeid fordi ein skal fullføra eit prosjekt i historie. Men å skulka historietimen fordi ein må koma seg på jobb i tide, eller fordi ein arbeidde seint kvelden før, og ikkje fekk lese til prøven, vert gjerne ei anna sak.

Det er ein enkel kode å knekkja. På Rema 1000 er ikkje sjefen interessert i den som ikkje stiller til rett tid. Følgjer ein ikkje deltidsjobbens enkle, men konsise spelereglar, er vegen bort frå cash og kassajobb kort. Kassadame-Lise veit at det er slik ein arbeidsgjevar enkelt uttrykkjer det: «Her må dei kunna klokka». Difor stiller ho når ho skal, og gjer det som gjerast må.

I skulen, derimot, har ein omgitt seg med ein inkluderande og imøtekomande språkbruk som er nyttig til sitt formål, men som også kan tilsløra om skulen eigentleg er så viktig. Ansvaret for vurdering kviler så til dei grader på læraren at det er rett før han oppsøkjer elev-Lise på heimebane for å få ut av henne kva engelskkunnskapar ho sit på. Fråvær får få andre konsekvensar enn at det vert notert. Rema 1000-sjefen har det enklare enn ein skule som ymtar: «det er viktig å vera her, altså, men det er ikkje så farleg...».

Til slutt må nemnast at skulen er under press også frå ulike faghald elles. Straumen av papir frå helsefaglege instansar syner at samfunnet står ovanfor store utfordringar når det gjeld å forvalta dei menneskelege ressursane på ein god måte. Det er stort behov for oppfølging og tilrettelegging, og i dialog med eit imøtekomande helsevesen kjem skulen fort noko uheldig og firkanta ut om ein stiller krav om oppmøte, vurdering og elevinitiativ. Helsefaglege instansar har enorm prestisje, og eit ark med stempel og signatur frå eit legekontor eller ein psykolog vil ingen diskutera med.

Djupast sett trur eg ikkje på Rema 1000-koden som eit enkelt svar på spørsmålet om korleis ein kan skapa ein betre skule. Men også i eit samfunn der ein så gjerne vil at alle skal med, må det vera lov å spørja om ikkje retten til å møta elevar med tydelege krav og forventningar kan løfta noko av presset av ein skule som ofte mistar seg sjølv i strevet med å vera alt for alle. Å følgja opp og tilrettelegga for dei som i grunnen ikkje etterspør det skulen tilbyr, kan bety at samfunnet vågar å opna opp andre alternativ for ungdom enn dei to som finst pr. i dag: elev eller drop-out.

 

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kommentar

Sluttkamp om Breiviks sinn

Ungdommar fortel om ein roleg, kontrollert massemordar. Er han likevel for galen til å straffast?

First we leave Manhattan, then we leave Berlin...

EU er i sin dypeste krise. Midt i dramaet står Tyskland, og nå legger Aftenposten ned kontoret sitt i Berlin.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Brenn det? Hiv på bensin!

Stavanger kommunes kampanje mot ikkje godkjende leilegheiter er omtrent like bustadpolitisk verknadsfullt som å prøva å sløkka brannar med bensin.

Museumsvoktere i russedress

Når Fremskrittspartiet fremmer sine hjertesaker, blir de nedstemt. Men bør det alltid være slik?

Relaterte bilder

Sofie Braut

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest