FOTO: Scanpix
I Noreg vil nok dei fleste synast at religion er fint og greitt, så lenge den er privat. Dette vert nå utfordra.
AV: gina lende Forskar, Prio og Menighetsfakultetet

Gina Lende
Religion er alltid fortolka og reflekterer samfunnet.
Under eit debattmøte organisert av Oslosenteret for fred og menneskerettigheter sist veke, om "Religion og menneskerettigheter", refererte utanriksminister Jonas Gahr Støre desse orda i si inneleiing: "I don’t do God," sa han. I det forsto eg han slik at religiøse argument ikkje styrer politikken. Han har tidlegare sagt (i samtale med prest Per Arne Dahl i Nidarosdomen): "Det er en styrke i vårt demokrati at vi har vasket religionen ut av politikken." Men Støre er òg veldig klar på at sjølv om religion ikkje er motivasjon for norsk utanrikspolitikk, så er religion ein viktig storleik i politiske prosesser, og det er tydeligare i andre land enn Noreg. Og derfor er religion viktig for Utanriksdepartementet (UD). Dei har blant anna engasjert seg i religionsdialog i Midtausten; dei har tatt sjølvkritikk for å ikkje ha inkludert religiøse leiarar i fredsprosessen i Sri Lanka, og Støre har nylig tatt initiativ til eit prosjekt for å styrke minoritetar (religiøse, men òg andre minoritetar) sine rettar. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skreiv kronikken "Ta Gud alvorlig" kor han argumenterte for kvifor diplomater og bistandsarbeidarar må forstå religion betre.
Debatten førre veke, og det at utanriksministeren kjem for å snakke om religion, er eit teikn på at religion har ein annan plass i samfunnet nå enn berre ti år sidan. Ser me på det vaksande engasjementet UD har i religionsspørsmål, ville det kanskje vore ei betre skildring å seie: "We do God," i tydinga "vi driv med religion", sjølv om politikken ikkje er religiøst fundert.
Det er bra at UD og norske politikarar "driv med religion". Religion er maktpolitikk og identitet på same tid. Å ignorere det ville vere å ignorere ein av mange, sentrale komponentar i det samfunnet me lever i. Og staten – motvillig eller ei – må halde seg til spørsmålet i aukande grad. Det er uunngåelig. Bakgrunnen for debatten førre veke er at me i aukande grad ser at universelle menneskerettar står i konflikt med religiøse interesser. Ulike rettar, som ytringsfridom, trusfridom, universelle menneskeretter og nasjonale lover, er ikkje alltid kompatible, og dette fører til konfliktar.
I FN har ein sidan Bush-perioden sett ei auka lobbyverksemd frå konservative, religiøse grupper. Og her må politikken møte ulike interessegrupper og forhandle og prioritere. Her er vinnarar og taparar.
Dette er også relevant innarikspolitisk. Legen Mohammad Usman Rana skreiv kronikken "Den sekulære ekstremismen" i Aftenposten i 2008 og sette i gang ein debatt om det han hevder er det sekulære majoritetssamfunnet sin manglande toleranse for religion i det offentlige. I det siste har me høyrt nye religiøse stemmer – ikkje at det alltid er nye holdningar, men det er nytt at desse stemmene er med i det offentlige. Som lesarinnlegg i Aftenbladet som forsvarer ideen om 22. juli-tragedien som straff for norsk Israel-politikk. Konservative religiøse har fått større sjølvtillitt, også i den norske, sekulære offentligheita. Men også andre er med: Bent Høie, nestleiar i Høyre, har nylig sagt at religion er det området som vil skape mest debatt i arbeidet om nytt partiprogram, og han tek til orde for utarbeiding av ein langsiktig, religionspolitisk strategi.
Berre for 10-15 år sidan snakka få om religion i det offentlige. Religion var viktig før, ikkje nå, sa mange. I analyse av internasjonal politikk var det religiøse element nærast fråverande. Ein peikte på etnisitet, økonomi, ressursar og ideologi for å forklare konfliktar. No er det fleire som òg ser på religion. Det er bra, men berre så lenge religion sjåast i samanheng med andre faktorar.
Eit einsidig religiøst perspektiv på internasjonal politikk er for snevert. Som når den republikanske presidentkandidaten Newt Gingrich seier at "den arabiske våren" eigentlig er ein "anti-kristen vår" og slik reduserer dei sterke kreftene i Midtausten til å handle om ein anti-kristen agenda. Eller når Rick Santorum, ein annan republikansk presidentkandidat, argumenterar for at Det muslimske brorskapet er ein terroristorganisasjon av di dei vil påføre Islam på "alle". Ja, religion har ei viktig funksjon i Midtausten. Både som motivasjonsfaktor for folk, men òg i form av sterke institusjonar, aktørar og religiøs-politiske rørsler. Men religion er alltid fortolka religion og reflekterer samfunnet. Religion er ikkje ein storleik som står åleine.
I Noreg vil nok dei fleste synast at religion er fint og greitt, så lenge den er privat. Dette vert nå utfordra. Støre og hans kollegaer i UD må, saman med oss andre, famle oss fram i dette nye landskapet og ta store debatter og sak for sak.
Kommentarer