FOTO: Scanpix
Det var ikkje inflasjonen som gav oss Hitler. Det var deflasjon og misforstått disiplin.
AV: tom hetland
KOMMENTAR: 10.000.000.000 mark.
Det var prisen på eit frimerke i november 1923, like før hyperinflasjonen i Tyskland kulminerte.
Absurde og tragiske scener utspela seg. Folk frakta pengesetlane i trillebårer. Arbeidarane (dei heldigaste av dei) fekk løn to gonger om dagen slik at dei skulle ha litt kjøpekraft dei neste par timane. Alt som heitte sparepengar vart verdilause på eit blunk.
Det er lett å forstå at denne perioden har brent seg inn som eit mareritt i det tyske kollektive minnet. Aldri meir inflasjon!
Så sterkt er inntrykket frå denne galskapen at neste episode synest gløymd. For tyskarane klarte nemleg å få skikk på økonomien. Ein ny mark vart innført, den ville prisstigninga stoppa, og frå 1924 av gjekk Tyskland inn i ein periode med økonomisk framgang og politisk stabilisering.
Det er lett å forstå at denne perioden har brent seg inn som eit mareritt i det tyske kollektive minnet.
Men historia stansa som kjent ikkje her. I fengselet i Landsberg am Lech sat ein frustrert 35-åring og skreiv bok. «Mein Kampf» var tittelen. Forfattaren, Adolf Hitler, leiar for det tyske nasjonalsosialistiske partiet, sona straffa for å ha stått bak det patetiske «ølkjellarkuppet» i november 1923. Hitler prøvde å fiska i rørt vatn då den økonomiske krisa var på det verste. Men kuppet fekk inga folkeleg støtte og vart raskt slått ned. Nazipartiet hadde vore lite frå før, og vart endå mindre nå.
Likevel, Hitler si tid skulle koma. Men det var ikkje inflasjonen som førte han til makta. Det var deflasjonen.
Etter det økonomiske kaoset i kjølvatnet av den første verdskrigen var det i alle land eit sterkt ønske om å «normalisera» pengesystemet. På den tid ville det seia å knyta valutaen til ein fast verdi i gull. I praksis måtte pengeverdien dermed stiga, sidan krig, uro og spekulasjon hadde ført til sterk inflasjon i dei fleste land, om enn ikkje på same nivå som i Tyskland.
I Norge er dette kjent som «paripolitikken». Krona skulle tilbake til den gamle kursen mot gull, prisane gjekk nedover, mens gjelda vart tyngre å bera. Konsekvensane var kommunar under administrasjon, tvangsauksjonar på bygdene og massearbeidsløyse, særleg etter at krakket på New York-børsen i oktober 1929 skapte ei global finanskrise.
Den økonomiske ulykka som mange hadde spådd, vart det ingenting av.
Men også etter 1929 forsøkte nasjonane å halda fast på gullstandarden. Det hadde ein høg pris. I Storbritannia braut den første Labour-regjeringa i landet saman i august 1931. Presset frå finansmarknadene for nye og harde budsjettkutt vart for sterkt. Statsminister Ramsay MacDonald danna ei nasjonal samlingsregjering, vart ekskludert frå Arbeidarpartiet som svikar, og løyste pundet frå gullstandarden. Ein av dei gamle Labour-statsrådane skal fortørna ha sagt: «Ingen fortalde oss at me kunne gjera det.» Så sterkt stod den økonomiske ortodoksien, også blant sosialistane.
Den økonomiske ulykka som mange hadde spådd, vart det ingenting av. Rett nok tapte pundet mykje av sin posisjon som verdsvaluta, og London vart svekka som finanssentrum. Men den viktigaste konsekvensen var at arbeidsløysa i Storbritannia gjekk ned med ein tredel frå 1931 til 1933. Frikoplinga frå gullet var ein avgjerande føresetnad for at britane skulle kunna jobba seg ut av krisa.
Fleire følgde i britane sine fotspor. Men eitt land forsøkte i det lengste å halda stand. Med inflasjonsspøkelset i friskt minne kjempa tyske politikarar intenst for å halda kursen på den tyske marken stabil mot gull, trass i at arbeidsløysetala auka frå veke til veke. Det same gjorde oppslutninga om nazipartiet. I mai 1932 fekk Hitler 37,8 prosent av stemmene. Kommunistane fekk 14,6 prosent. Sosialdemokratane og dei borgarlege partia som støtta den parlamentariske Weimar-republikken var i mindretal. Scena var klar for den store tyske katastrofen.
Det er alltid vanskeleg å skriva kontrafaktisk historie. Me får aldri vita kva som ville ha skjedd dersom, viss, ifall. Men det er verd å tenkja over at dersom tysk økonomi hadde følgt same bane som den britiske i dei tidlege 30-åra, ville den tyske arbeidsløysa ikkje ha nådd 33, men 17 prosent. Ville Hitler då fått like lett spel?
Det er sagt at det einaste menneska lærer av historia, er at me ingenting lærer av historia.er då ha fått like lett spel?
Nå var ikkje den nazistiske maktovertakinga i 1933 eit resultat av den økonomiske krisa aleine. Ein viktig faktor var kjensla av nasjonal audmjuking etter krigsnederlaget i 1918. Det fremste uttrykket for det var Versailles-traktaten, der Tyskland blant anna vart tvinga til å betala krigserstatning til sigersmaktene tilsvarande 25 prosent av eksporten I tillegg til at dette sette landet tilbake økonomisk meir enn nødvendig, var traktaten også ei kjelde til raseri og rop om revansj.
Det er sagt at det einaste menneska lærer av historia, er at me ingenting lærer av historia. Eller at me lærer feil ting.
Når dagens Tyskland doserer økonomisk innstrammingspolitikk, budsjettdisiplin og forsvar for euroen for sine verrestilte EU-kollegaer, høyrer me ekkoet frå hyperinflasjonstraumet på 1920-talet. Pussig nok har ikkje dei fryktelege konsekvensane av denne politikken i 1930-åra fått like sterkt gjennomslag i den tyske historieforståinga. Og sjølv om det er stor forskjell på Versailles-traktaten og den sør-europeiske gjeldskrisa, fortel begge om kva som kan skje når menneske blir pålagde utanfrå å sona for synder dei ikkje vedkjenner seg.
Tom Hetland
Kommentarer