Leder:

Ein absurd situasjon

Det er ufatteleg korleis Stoltenberg-regjeringa har rota det til for seg i saka om den nye «blasfemiparagrafen».

Som kjent går regjeringa inn for at den gamle paragrafen skal fjernast, men til gjengjeld skal såkalla «kvalifiserte angrep på trosretninger og livssyn» bli ein del av rasismeparagrafen i straffelova. I skrivande stund går me ut frå at dette stadig er regjeringa sitt standpunkt, sjølv om Stoltenberg tirsdag skapte forvirring ved å seia at ein ny paragraf ikkje skal opp i Stortinget før i 2011. (Onsdag morgon gjorde Liv Signe Navarsete full retrett i blasfemi-saka og vil ikkje utvide den gjeldande rasismeparagragen. Les meir i lenkene under denne saka. Red. anm.)

Ut frå det som har kome fram om dragkampen bak kulissane, er det Senterpartiet som har stått på for å få kompensert for alle nederlaga sine i verdisaker: kjønnsnøytral ekteskapslov, assistert befruktning og forholdet mellom kyrkje og stat. Partileiar Liv Signe Navarsete skal jamvel ha skrytt av at Sp har «tvinga Ap i kne» i denne saka.

MED ALL respekt: Me trur den jamne Sp-veljar er fint lite opptatt av å blåsa nytt liv i ein paragraf som har vore sovande i over 70 år, og som i dagens norske samfunn bare vil vera til glede for autoritære og ytterleggåande religiøse krefter. Her har Sp-leiinga sløst vekk mykje politisk kapital på ei dårleg sak. Det er også uforståeleg at Ap og SV har akseptert at blasfemiparagrafen kjem inn att i lovverket bakvegen, og i ein farlegare variant. Reaksjonane i ettertid vekkjer mistanke om at ikkje alle har vore klar over kva dei eigentleg var med på.

Dermed står me i den absurde situasjonen at Stortinget kan vedta ei lov om eit viktig prinsippspørsmål som det store fleirtalet av representantar eigentleg er imot. Både i opposisjonen og i alle dei tre regjeringspartia byggjer det seg nå opp motstand.

TIL OG MED KrF - blasfemiparagrafens trufaste forsvarar - vil stemma mot det nye forslaget. Partileiar Dagfinn Høybråten ser ikkje at kristendommen har behov for eit slikt lovvern, og meiner at det i praksis blir ei lov for islam. Det har han nok mykje rett i, sett i lys både av karikaturstriden og av islamske lands forsøk i FN på å stempla religionskritikk som ei form for rasisme. Forslaget frå regjeringa kan vera så velmeint det bare vil, men i den aktuelle internasjonale konteksten er det eit farleg signal.

Stortingspresident Thorbjørn Jagland rykte i Aftenposten tirsdag ut med hard kritikk av lovforslaget. Jagland peikar også på det paradoksale i at det blir brukt partipisk i ei sak som handlar om ytringsfridom.

Med sine beiske ord mot eigne partifellar legg Jagland samtidig ut ein redningsplanke. Om dei raud-grøne partileiarane ikkje vil trekkja forslaget, kan dei i det minste stilla stortingsrepresentantane sine fritt til å stemma det ned. Mange, langt inn i Senterpartiet, vil bli letta over at ei pinleg sak dermed blir rydda av vegen.
www.aftenbladet.no/debatt

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Leder

Nødvendige spørsmål

Det går strålende for Statoil, som i går holdt sin årlige generalforsamling. Det skal vi være glade for, i Norge og spesielt i Rogaland. Men da må selskapet også tåle at det stilles kritiske spørsmål ved deler av driften, enten det dreier seg om engasjement i korrupte diktaturer eller miljøskadelig virksomhet.

FN kommer til kort

Mange var skeptiske da FN-utsending, tidligere generalsekretær Kofi Annan la fram sin fredsplan for Syria, med tilhørende våpenhvile fra og med 12. april. Siden da er over 900 mennesker til blitt drept i det voldsherjede landet, som står i fare for å skli ut i en fullstendig ødeleggende borgerkrig.

Bøndene spelar høgt

Laurdag sa bondeorganisasjonane nei til forhandlingar med staten i årets jordbruksoppgjer. Tilbodet var rett og slett for dårleg, slik bøndene ser det. Nå varslar dei aksjonar. Det er ein risikabel strategi.

Hvem vil ha en blå-blå ballong?

Den nordiske modellen gir resultater, og jeg hører ikke noe rop om et systemskifte.

Kriserammet Europa trenger vekst

Valgresultatene i Frankrike og i Hellas symboliserer en folkelig bevegelse som EU ikke kan unngå å ta på alvor.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest